Konsert: Birte Slettevoll

Praktisk informasjon

Fra:25.3.2020 - kl.20.00

Til:25.3.2020 - kl.21.00

Sted:Ila kirke

Arrangør:MER

Birte solo er soloprosjektet til Birte Slettevoll der ho syng og spelar trekkspel. Ved å presentere ei blanding av eige materiale og eit utvalg folketonar frå hennar del av landet, ynskjer Birte å skape eit rom for refleksjon, der folk kan lene seg tilbake og vere for seg sjølv, saman med kvarandre.

I løpet av ein dag, og over ei tid, kan vi kjenne på ein del ulike kjensler. Det kan vere savn, takksemd, glede, behagelige kjensler og ubehagelige, som vi kanskje prøver å undertrykke. Ved å høyre musikk kan det verte lettare å nå inn til ein del av desse ulike kjenslene, sette ord, melodiar og harmoniar på det som foregår inne i oss, som dermed kan hjelpe oss å akseptere.

I tillegg til å ta i bruk norske folketonar, har Birte funne ein del inspirasjon i indisk klassisk musikk, georgiansk folkemusikk og alternativ pop.

Billetter finnes på facebook-arrangementet og ticketco