Norvald Dahl - Flying high

Praktisk informasjon

Dato:26.1.2020

Tid:19.00

Sted:Sagene kirke

Arrangør:Norvald Dahl

Norvald Dahl - "Flying High"
- Solo konsert med plateslepp

Vent deg ei suggererande stund med blanding av jazz, folkemusikk, pop, og moderne klassisk når pianisten Norvald Dahl går solo”. Med alt frå melodiøse improvisasjonar til tøffe klangar og folketonar, fyller Norvald Dahl kirkerommet med god stemning.

Denne kvelden sit Dahl aleine ved flygelet i Sagene Kirke, og vi får mellom anna høyre låtar frå den ferske plata "Flying High". Plata er spelt inn i Fosnavåg konserthus med moderne romklangteknologi. Under konserten i Sagene Kirke vil du få høyre eigenkomponert materiale frå plata, og kanskje kjende melodiar i eigne arrangement.

Dette seier den amerikanske jazzmusikaren Jonathan Kreisberg om Flying High:

"Norvald Dahl has recorded a set of beautiful and highly personal piano improvisations. At times, the crystalline and patient statements sound like they could be an homage to the unique meeting of mountains and sea that takes place in his native region of Møre og Romsdal, Norway. Fans of creative solo piano and audiophile recordings will surely add this to their list of favorites".

Dei siste åra har sunnmøringen tatt mastergrad i jazz-improvisasjon ved Norges Musikkhøyskole i Oslo, under veiledning av pianist Helge Lien. Før det arbeidde han som pianist og pianopedagog i Bergen i om lag ti år. Han har leia ei rekkje musikalske prosjekt både nasjonalt og internasjonalt, og han er mykje nytta som freelancer.

"Flying High" er den andre plata han har spelt inn som del av masterstudiet på musikkhøgskulen. På den første innspelinga hadde han med seg den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon og bassist Mats Eilertsen og det førte til albumet "Organic Chamber". Denne kammerjazz-plata fekk fine kritikkar i pressa:

“This album is a treasure chest of musical gems, which can be discovered anew with each consecutive listening session." ("The Soundtrack of my life", by Adam Baruch - 2018)

"Tøft og annerledes! (...) Norvald Dahl byr på noe helt eget", omtale av kritikar Tor Hammerø.

Kjøp billetten i døra:
kr 200,-/100,- student
Kontant /Vipps
CD kr 100,- (one time spesialpris)

Eitt sett på vel ein time.

Denne turneen er støtta av Creo og Norsk Jazzforum.

TURNÉ
30.12 Fosnavåg Konserthus
16.01 Molde- Salen
18.01 Bergen- Korskirken
23.01 Stavanger- Spor5
26.01 Oslo- Sagene Kirke
30.01 Opera Nordfjord