Søndagens preken: 12. søndag i treenighetssøndag

Her kan du lese søndagens preken, skrevet av Øystein Bjørdal.

Preike i Uran K. 12. søn i treeiningstida 15/8-21

Lukas 8, 1-3

At Jesus såg kvinnene og løfta dei opp, at han var kvinners venn og forsvarar mot lausaktige menn med makt gav eg fleire døme på i preika her for tre veker sidan. De som var her då huksar kanskje også at eg nemnde desse tre kvinnene med namn ved sida av dei mannlege apostlane – Maria Magdalena, Johanna og Susanna, og mange andre kvinner, slik det nettopp står i dagens evangelium. I dag kan vi halde fram der vi slapp for tre veker sidan. Eg har aldri preika over denne teksta før. Ho kom inn i tekstrekkene våre ved siste revisjon. Det er eit kort og enkelt evangelium. Det handlar om tre namngjevne kvinner, og fleire kvinner med dei, står det. Dei følgde Jesus og støtta opp om tenesta til apostlane. Dei reiste vidt omkring i bygder og byar saman med det mannlege apostelkollegiet Jesus hadde rundt seg. Dette er ganske spesielt og veldig uvant i si samtid. Forskjellige utgangspunkt hadde dei tydelegvis også desse kvinnene. Ei av dei var gift med ein mann med både rikdom og maktposisjon i samfunnet. Dei to andre var kanskje einslege eller enker. Vi veit ikkje heilt, men dei hadde sitt å gi og å dele, det forstår vi.

Frå ei av dei eldste kyrkjeordningane vi kjenner til så veit vi at enker vart vigsla med eit eige ritual til ei særleg tenesta i kyrkja. Det galdt enker, ikkje enkemenn, for enkene var særleg sårbare. – Om Maria, Susanna og Johanna står det: Med alt det dei eigde tente dei Jesus og dei tolv apostlane. Desse kvinnene er forbilledlige, både for si eiga tid og for oss. Og dei har fått følgje av store åndelege leiarar som Hildegard av Bingen, Birgitta av Vadstena, Theresa av Avila som var samtidig med Luther,  berre for å nemnde nokre av dei. Og frå vår eiga tid skal vi sølvsagt ta med Mor Theresa og vår eigen Annie Schou.

Kvifor kunne dei ikkje bli prestar, kvinnene? At det var oppsiktsvekkande og grensesprengande det at Jesus hadde kvinner i sitt nære følgje er det ingen tvil om. Og apostelen Paulus er ikkje snauare i brevet til kyrkjelyden i Galatia: «Her er ikkje jøde eller grekar, slave eller fri, mann eller kvinne. Vi er alle eitt i Jesus Kristus». Jesus løfta fram kvinner og ga dei ei kjensle av å høyre til, eit likeverd som var eineståande for si tid. Jesu møte med den utstøtte samaritanske kvinna som vi les om i Johannesevangeliet endte også med nåde og fred for henne, og at ho sprang inn i landsbyen og kalte folket til møte med Jesus Messias. - Kanskje var ho den første misjonæren i Jesus-rørsla?

Men kvinnene vart ikkje prestar, sa eg, og det gjekk nesten to tusen år før vi fekk vår første ordinasjon av ei kvinne til presteteneste, Ingrid Bjerkås, for 60 år sidan. Det var ikkje utan strid. Og eg må tenkje på då eg var ung prest og student i Minnesota for ca 40 år sidan. Det var gudsteneste på presteseminaret og nattverdfeiring. Eg stilte meg ilag med dei andre i nattverdfølgjet og oppdaga at det stod ein kvinneleg prest og delte ut nattverden. Kva gjer eg no, tenkte eg, eg var ikkje heilt førebudd på denne situasjonen, men tenkte straks på det eg hadde lært av luthersk teologi om at sakramentet ikkje er avhengig av den som forrettar. Det er Jesus som innbyd til nattverd, og det er på hans ord vi tek imot. Det vart eit vendepunkt for meg, eit pastoralt og teologisk vegkryss vart det også, ein situasjon eg alltid minnast med undring og takksemd. Eg gjekk med glede og vonleg meir audmjuk fram og tok imot nattverden.

Vi må spørje oss om dette med kvinneleg presteteneste, som dukkar opp frå tid til annan, om det berre handlar om bibelsyn og teologi, embetssyn og kyrkjesyn, eller om det ikkje også handlar om kultur og tradisjon og maktstrukturar. - Det vi veit er at vi skal gi evangliet om Jesus vidare, unge og eldre må få sjå og møte Jesus og bli kalla til å følgje Han slik som Johanna, Susanna og Maria Magdalena i dagens evangelium. Til det treng vi prestar, kvinner og menn. Det er ei stor prestenød i kyrkja vår og i mange sokalla folkekyrkjer. Den utfordringa er ikkje mindre i den katolske kyrkja. Vi treng hyrdingar og leiarar som blir kalla og vigsla til tenesta med Ordet og Sakramenta. I dag skal vi takke for Susanna, Johanna og Maria og alle kvinnene som har gått føre og opna vegar til Jesus, kvinneleg føredøme som misjonærar, prestar, kateketar, kantorar og diakonar.

Johanna, Susanna og Maria Magdalena i dagens evangelium har også ein annan inspirasjon til oss: Med alt det dei eigde tente dei Jesus og apostlane, står det. Å bygge Guds rike gjer vi ikkje berre med å forkynne den gode bodskapen om Jesus. Vi må bruke både tid og talentar, dele på rikdomane og vere rause med milde gaver og gode gjerningar. Kyrkje og kristendom lever ikkje av tome ord, men av gudsteneste og diakoni. I Paulus brev til korintarane las vi om kor rett og godt det er å gi og å dele, og at Gud elskar glade givarar. Den som sår sparsamt, haustar sparsamt, står det, og den som sår med velsigning skal og hausta med velsigning. Takkeofferet i gudstenesta skal minne oss om dette, at det skal vere ei gåve til velsigning. Vi har ingenting som vi ikkje på ein eller annan måte har fått til forvalting. Desse tre bibelske kvinnene, Susanna, Johanna og Maria ville gi tilbake av det dei hadde fått: Med det dei eigde ville dei hjelpe Jesus og dei tolv apostlane. Som spr Sjur seier det i ei preike over den same teksta: «Kanskje ser vi her Jesusbevegelsens første givertjeneste av hengivne kvinner…». Eg må også tenkje på dei mange, mange kvinneforeiningane i misjonsarbeidet i Norge, kva dei har gitt og gir av tenester, bøner og pengar til kyrkjer og Guds rike, til skule- og helsearbeid. Eg har møtt mange av dei, dei går også i spora til Johanna, Susanna og Maria.

Ein liten gut kom ein dag med ei nistepakke på fem små brød og to fiskar til Jesus då han hadde samla 5000 svoltne barn og vaksne…Jesus løfta blikket mot himmelen og bad takkabøna, den vi alltid også bed før nattverdens sakrament…og alltid også Herrens bøn «gi oss i dag vårt daglege brød…» Alle dei 5000 vart mette står det. - Vi veit at i nattverd-måltidet får alle det same og at det er nok til alle. Dette er også ein god husholdnings-økonomi, det handlar om dele på nistepakkane og pengane våre. Det kan bli mange små og store under av det, og det treng vår tid og vår verd. Med Jesu nattverd som inspirasjon må vi strekke oss lenger og bli betre til å fordele godene, slik som vi også ber under takkeofferet før nattverden: «Av ditt eget gir vi deg tilbake, ta imot oss og våre gaver så de blir til gagn for ditt rike og for vår neste» -

Til ære for Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og blir, ein sann Gud frå eve og til eve. Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Uranienborg menighet

Uranienborg kirke ligger på Uranienborghøyden rett bak Slottet. Ta 19-trikken fra Majorstua eller Nationaltheateret t-banestasjoner og gå av på Briskeby. Kirken ligger rett ved skolen.

 

Gavebidrag til menighetens arbeid:
Orgnr. 971.514.361
Kontonummer: 1600.21.66066
Vipps valgfritt beløp, merk med gave til: #10202


Kontoradresse:
Daas gt 19, 0259 Oslo

E-post: post.uranienborg.oslo@kirken.no.
Telefon: 23 62 90 80. 
Telefon- og besøkstid: Tirs-Tors 10-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"