Oslo Kammerkor og Frank Havrøy

Praktisk informasjon

Fra:17.11.2019 - kl.19.00

Til:17.11.2019 - kl.20.30

Sted:Uranienborg kirke

Arrangør:Oslo Kammerkor

Søndag 17. November er det tid for ei heilt ny oppleving med Oslo Kammerkor. Saman med gjestedirigent Frank Havrøy, syng Oslo Kammerkor haustens fyrste konsert i Uranienborg Kirke. Konserten vil bestå av musikk som er skriven av Frank Havrøy sjølv, men òg andre stykker som deler navn med dei stykka han har skrive. Frank Havrøy er ein kjent songar, komponist og dirigent, som har vore med på oppdrag verda rundt, mellom anna med vokalensemblet «Nordic Voices». Han har òg ein PhD i ensemblesang frå Norges Musikkhøgskole. Som komponist arbeidar Frank innanfor fleire sjangrar, og korverka hass har blitt standardrepertoar for fleire av landets beste kor, og no står Oslo Kammerkor for tur.

Oslo Kammerkor blei stifta av Grete Pedersen i 1984. Frå 2005 er dirigent og kunstnarisk leiar Håkon Daniel Nystedt. Ved sia av klassisk repertoar og ny musikk byrja koret tidleg å utforske norsk folkemusikk. Koret har opparbeida seg eit unikt uttrykk ved å vere det einaste koret der alle songarane får opplæring i norsk folkesong.

Oslo Kammerkor opplev internasjonal merksemd for sitt arbeid med norsk folkemusikk, og framfører musikken sin jamleg på festivalar og konsertar over heile verda. I 2015 og 2017 opptredde koret i Carniege Hall, New York, og hadde turnear til mellom anna Sør-Korea i 2014 og 2016.

I tillegg til folkemusikk syng koret klassisk repertoar og nyare musikk, samt framsyningar og innspelingar innanfor Noregs fremste artistar innan jazz og pop – som Tord Gustavsen, Trygve Seim, Sissel Kyrkjebø, Ole Paus og Odd Nordstoga. I vår slapp Oslo Kammerkor «Veneliti» i samarbeid med Ørjan Matre.

Foto: Kristianne Marøy