Vikariat som kateket

Ledig stilling som kateket i 80 % vikariat frå 1. februar 2025

Vikariat som kateket

Kateket

Det er ledig 80 % vikariat som kateket i Kvam frå 1. februar 2025 til 31.desember 2025.

 

I Kvam er det 4 sokn med 5 kyrkjer, ca 8.500 innbyggjarar og 2 prestestillingar.

I Kvam er det også tilsett kyrkjelydspedagog i 90% stilling. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Fellesrådet har også kyrkjeverje i full stilling, 2 kantorar, kyrkjegardsarbeidarar og sakshandsamar

med ansvar for alle sokna. I tillegg er det tilsett kyrkjetenar ved kvar kyrkje. Utanom dei

tilsette er det mange frivillige medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydane.

 

Vi søkjer etter person med kateketutdanning, men dei med tilsvarande utdanning som pedagogikk og

kristendom vert også oppfordra til å søkje.

Vi leiter etter ein fleksibel og kreativ person med gode samarbeidsevner og godt humør.

Ein inspirator som kan arbeide målretta og sjølvstendig.

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar til kateketarbeid vil verte vektlagt.

Arbeidsområde:
• Kateketen er undervisningsleiar for kyrkja i Kvam
* Hovudansvar for iverksetjinga av trusopplæringsplanen.
• Hovudansvar for konfirmantundervisninga.
• Samarbeid kyrkje/skule/barnehage.
• Gudstenestearbeid knytt til undervisningsoppdraget.
• Vegleiing og motivering av frivillige medarbeidarar.
• Arbeidsoppgåver elles i samsvar med  ”Tenesteordning for kateketar”

 

Me tilbyr eit godt arbeidsfellesskap saman med dyktige og motiverte medarbeidarar.

Kvardagen vil by på samarbeid mellom fellesrådstilsette, prestar, frivillige medarbeidarar og sokneråd.

Kvam er ein langstrekt kommune,  noko som fører til ein del køyring.

Kateketen må disponera eigen bil, og får køyregodtgjering etter gjeldande takstar.

Kateketen må være medlem i Den norske kyrkja.

 

Løn, arbeids- og tilsetjingsforhold vert i samsvar med lover, føreskrifter og tariffavtaler som   gjeld i kyrkja. 

Fellesrådet har pensjonsordning gjennom KLP.

 

Spørsmål omkring stillinga kan rettast til

kyrkjeverje          Olav Skeie Lid    tlf 41 40 00 35  eller

kateket                Mampion Andriamandimby        tlf 99 08 92 85

 

 

Søknad med CV kan sendast pr. e-post eller brev til:
Epost:
   post.kvam@kyrkja.no / OL485@kyrkja.no

Postadresse: Kvam kyrkjelege fellesråd, Postboks 39, 5601 Norheimsund

Søknadsfrist: 10. desember 2024

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"