Kyrkja i Modalen ynskjer alle velkomne til dåp

Dåpen er ei kyrkjeleg handling og skjer innanfor ramma av ei ordinær gudsteneste i soknet der heile kyrkjelyden er involvert.

I Den norske kyrkja vert dei fleste døypt som spedbarn, men det er inga aldersgrense for dåp. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad for dåpssamtale og i kva gudsteneste ein ønskjer dåp. Det er høve til å ha dåp i dei fleste gudstenester, men dette må avtalast med presten.

Sjølv om ein ynskjer dåp utanfor Modalen, må ein kontakte kyrkjekontoret lokalt for å gjere avtale om dåpssamtale. Dåpssamtalen skal nemleg finne stad i det soknet barnet er busett, sjølv om dåpen skjer ein annan stad. Etter dåpssamtalen sender kyrkjekontoret melding til den kyrkjelyden som står for sjølve dåpshandlinga.