Ledig fast 40%-stilling som kyrkjeverje

Mo kyrkjeleg fellesråd har ledig 40 % fast stilling som kyrkjeverje

Trur du at du vil trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er kanskje Modalen med sine 380 innbyggjarar plassen for deg. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre vel ein times kjøring til Bergen.

I Modalen har vi ei kyrkje og to gravplassar. I staben er det forutan kyrkjeverje, trusopplærar, kyrkjetenar og reinhaldar. Teknisk etat tek i hovudsak vedlikehaldet på gravplassane.    

Mo kyrkjeleg fellesråd har ledig 40 % fast stilling som kyrkjeverje

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd.
  • Personalansvar for dei fellesrådstilsette.
  • Ansvar for planlegging og økonomistyring.
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar.
  • Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval.
  • Organisering/tilrettelegging av frivillige aktivitetar i kyrkjelyden.
  • Kontakt med og rapportering til offentlege myndigheiter.

Vi søkjer ein person med relevant utdanning og praksis. Trusopplæring er eit viktig satsingsområde for kyrkja i Modalen.

Personlege eigenskapar:

Det vil verta lagt vekt på at søkjar er personleg eigna.

Det er ynskjeleg at søkjar kan møta nye utfordringar på ein kreativ måte, vera fleksibel, samarbeida med relevante partar, inspirera og motivera andre og arbeida systematisk og målretta.

Vi tilbyr:

Løn etter avtale. Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde. Pensjonsordning i KLP.

Kontor i kommunehuset på Mo. 

Den som vert tilsett må vera medlem i Den Norske Kyrkja og kunna leggja fram tilfredsstillande politiattest.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Kyrkjeverje Harald Farestveit

Tlf. 565 99 033 / 951 60 970

E-post: harald.farestveit@modalen.kommune.no 

Søknad med attestar og vitnemål kan sendast til:

Mo kyrkjelege fellesråd, Postboks 15, 5732 Modalen

 Søknadsfrist: 15. august 2018

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Mo Sokn

Kyrkjekontoret
Postboks 15
5732 Modalen

Kyrkjestove og kyrkjekontor flytta januar 2022 inn i Flodmaal, det nye nærings- og tenestesenteret i Modalen.

Ta kontakt for å avtale møte.

Sentralbord: 53 00 34 90 ( Merk nytt telefonnummer frå 1. februar 2022 )
Mobil: 97 67 54 16
E-post:
kyrkjekontoret@modalen.kommune.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"