Mange glededropar i Tingnes kyrkje

Temaet for konserten traff blink: Glede! Det var sterke kjensler i sving i Tingnes kyrkje torsdag kveld: Stor spenning, skrekkblanda fryd, litt gruing - og glede. Mykje glede!

Stille før "stormen"

Songgruppene Oppvask, Kongsvegen, Teater KanErVil, SMILT og Strandefjorden Sang og Rytme underheldt med brask og bram. Mange solistar fekk prøve seg. Slagverk, bassist og gitarist heldt rytma. Ein og annan song laut ein starte oppatt nokre gonger. Men kva gjer vel det - når sjarmen og songgleda er på topp?

Bente Hove Pedersen Stundal balanserte stram regi med raus improvisasjon på eit framifrå vis. Ektemannen Jan var lydmann, og prest Jostein Enger fekk seie nokro ord om glede og lys. (Men som han sa: Å snakke om glede etter ein slik konsert blir litt som å hoppe etter Wirkola!)

Det er herleg å sjå når meistringsglede utfaldar seg så konkret og spontant. Av høgdepunkt må vi nemne "Fisking i Valdres", "Sami ednan" og "Fyrer med ved". 

Tusen takk til alle gode krefter som ga oss denne minneverdige stunda i kyrkja! Sjå video og fleire bilete nedanfor!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"