Ei gåve på 10 milliardar kroner

Onsdag 21. februar 2024 var ein merkedag for lokale kyrkjebygg rundt om i heile Noreg. 10 milliardar kroner skal gå til å sette i stand kyrkjer dei neste 20-30 åra. Fire av kyrkjene ligg i Nord-Aurdal.

Ei gåve på 10 milliardar kroner

Kyrkjene, lokale bygg med nasjonal betydning 

Kyrkjelege fellesråd i alle kommunar, er ansvarlege for drift av dei aller fleste kyrkjebygg i landet. Kommunane er ansvarlege for å bevilge midlar, mellom anna til slik drift. Men dei fleste kommunar i Noreg har ikkje hatt ressursar til å prioritere dette, og det er eit etterslep på vedlikehald på svært mange kyrkjer. Stavkyrkjene fekk sitt eige statlege program for nokre år sidan. Sjølv om kyrkjene er lokale, ser staten det som si oppgåve å bidra til at fleire av desse får statleg støtte til istandsetting. Og no er tida komen for dei andre kyrkjene frå mellomalderen og for dei nyare men verna, det vil seie «listeførde» kyrkjene. 

Nytt kyrkjebevaringsprogram 

Dei nærmare eitt tusen freda og verna kyrkjebygga i Noreg skal få eit løft gjennom det nyoppretta Kyrkjebevaringsfondet. Det er no etablert med 10 milliardar kroner som i hovudsak er verdiane som tilfell staten etter deling av Opplysningsvesenets fond (Ovf) og tilleggsløyvingar frå staten. Regjeringa legg opp til at vi skal kunne sette i stand kyrkjebygga i løpet av dei komande 20-30 åra ved å bruke inntil 500 millionar kroner årleg av Kyrkjebevaringsfondet, ifølge barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).  

Desse skal bestemme over pengane 

Leiande biskop i Den norske kyrkje, preses Olav Fykse Tveit, skal leie programstyret. – Kyrkjebygg er viktige formidlarar av vår historie og kulturarv, både lokalt og nasjonalt, seier han.  

Eit programstyre skal handsame søknadar om pengar etter innstilling frå eit programsekretariat. Tolv tilsette skal jobbe i sekretariatet som skal handsame søknadar før programstyret fattar vedtak. Sekretariatet er organisert under Riksantikvaren som har sju av årsverka, Kyrkjerådet har 1,5 årsverk og Hovedorganisasjonen KA – der alle kyrkjelege fellesråd er medlem – har 3,5 årsverk. 

Direktør i KA, Marit Halvorsen Hougsnæs seier at «Forankring inn mot dei kyrkjelege fellesråda» er definert som ei av KA sine kjerneoppgåver i bevaringsstrategien.Hougsnes sit i programstyret og ho legg stor vekt på den lokale forankringa i bevaringsstrategien, står det i pressemeldinga frå KA. 

Kyrkjene i Nord-Aurdal 

I Nord-Aurdal kommune er fire av seks kyrkjebygg omfatta av den nye ordninga. Ulnes kyrkje er ei steinkyrkje frå mellomalderen. Der er allereie forprosjektet i gang slik at søknad om midlar til eit hovudprosjekt kan sendast i 2025. Dei listeførde kyrkjene er Skrautvål, Strand og Aurdal som blir omfatta. Aurdal fjellkyrkje er eigd av ei stifting og er ikkje listeførd. Aurdal kapell er eigd av Aurdal sokn og drifta av fellesrådet, men det er heller ikkje listeførd.  – Dei tre listeførde kyrkjene treng vedlikehald. Og basert på ein tilstandsrapport for Strand kyrkje i fjor, går vi snart i gang med å førebu ein søknad for istandsetting av den slik at vi kan prioritere den når Ulnes kyrkje har kome lengre i sin prosess.  

Her er det avgjerande at vi får ein god dialog med kommunen slik at vi går passe fort fram, seier kyrkjeverge i Nord-Aurdal, Aud-Karin Hovi. Det skal både folk og pengar til lokalt, og vi er spente på kva som blir kommunen sin pålagde andel av totalprisen. Liknande ordningar tidlegare har vore at staten bidreg med inntil 1 million kroner men maksimalt 60 prosent av totalkostnaden. Vi ser at forslag til forskrift for den nye ordninga opnar for større totalsummar, men då også større andel som må dekkast av kommunen. Med strammare kommuneøkonomi, må vi vere sikre på at vi får mest mogleg ut av kvar krone, avsluttar ho.  

Hovi sit i styret for Hovedorganisasjonen KA. Høyringsfristen på den nye forskrifta er 8. april 2024.  

 

Denne saka er skriven på bakgrunn av pressemeldingane frå BFD, Den norske kyrkja og Hovedorganisasjonen KA. Sjå lenkene nedanfor. Her er også lenke til artikkelen som Avisa Valdres publiserte 21.02.2024: 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"