Utdeling av Olavstipend 2024

Domprost Gudmund Waaler og prostiprest Vibeke Bergsjø Aas får Olavstipendet 2024. – To ulike tema der kyrkja har behov for auka kompetanse, seier preses Olav Fykse Tveit.

Domprost Gudmund Waaler og prostiprest Vibeke Bergsjø Aas får Olavstipendet 2024.

– Dette er to ulike tema der kyrkja har behov for auka kompetanse, og dei er svært relevante for at kyrkja skal kunne løyse oppgåvene sine på ein god måte.

Det sa preses Olav Fykse Tveit før han kunngjorde dei to mottakarane av Olavstipendet for 2024:

Gudmund Waaler skal med Olavstipendet undersøke kyrkja si rolle i krisehandtering ved ulykker og katastrofar – og Vibeke Bergsjø Aas skal forske på kva «trygge rom» betyr for transpersonar i Den norske kyrkja.

Kyrkja si rolle i beredskapen

Gudmund Waaler har vore domprost i Bergen sidan 2019, men har lang erfaring som prest i Sjøforsvaret – der han også har forska på kriser, oppfølging etter traume, kriseleiing og leiing. Med Olavstipendet for 2024 skal han forske på kyrkja si rolle i krisehandtering.

– Eg synest det er fantastisk kjekt å få dette stipendet, no kan eg fordjupe meg i temaet. Eg var med på å skrive boka Voldsbruk og livsfare – norske og svenske soldaters krigserfaringer frå Afghanistan som kom ut i 2019. Der vart eg mellom anna kjent med uttrykket "posttraumatisk vekst", og dette tek eg med meg inn i arbeidet med kyrkja si krisehandtering.

Den norske kyrkja har mykje arbeid og erfaring knytt ulykker, kriser og katastrofar – i tillegg til arbeidet med gravferder, sorg og dødsfall. Mange stader er kyrkjetilsette ein del av kriseteamet i kommunen.

– Kyrkja utfører eit sentralt samfunnsoppdrag innan krise og beredskapsarbeid, seier preses Olav Fykse Tveit.

– Samtidig, om Den norske kyrkja skal kunne halde fram med å vere ein sentral samarbeidspartnar innan dette arbeidet, er det heilt avgjerande at den kyrkjelege erfaringskunnskapen blir gjort tilgjengeleg.

Han meiner Waaler sitt prosjekt vil gje viktig informasjon til kyrkja.

– Kyrkja som institusjon må vere oppdatert og følgje den faglege utviklinga innan beredskap, personellomsorg og ivaretaking.

Trygge rom i kyrkja

Den andre delen av Olavstipendet for 2024 er tildelt Vibeke Bergsjø Aas som er prostiprest i Nordre Follo. Hennar prosjekt har tittelen Alt synlig og usynlig. En kvalitativ undersøkelse av hva «trygge rom» betyr for transpersoner i Den norske kirke.

Gjennom 2023 har tilsette i Den norske kyrkja delteke på eit eige LHBT-kurs, der Aas har vore med som kurshaldar.

– I tillegg til å ha erfaring som kurshaldar har ho personleg erfaring som mor til ein person med transidentitet, seier Fykse Tveit.

Han meiner kurset har ført til meir kunnskap om trans, men at det også har vist behov for meir kunnskap.

– Vi veit lite om kva det vil seie å vere trans og kva «trygge rom» faktisk inneber og betyr for menneske med transidentitet. Tittelen på prosjektet «Alt synleg og usynleg» peikar tilbake på at transpersonar er ein usynleg minoritet i kyrkja, som i samfunnet elles.

Aas seier det er stort å få stipendet og vonar at prosjektet kan gje auka kompetanse.

– Det er stort for meg å få stipendet, både som prest og personleg. Dette er ei handsrekning og ei verdsetjing av det arbeidet eg har vore med på, med å halde kurs for tilsette om korleis vi møter menneske med ulik kjønnsidentitet.

– Det har blitt tydeleg for meg at desse fire bokstavane berre delvis er klåre for folk. Dei veit kva LHB står for, men T-en er ikkje like tydeleg. No skal fordjupinga mi auke kompetansen og hjelpe kyrkjelydane til å skape trygge rom for alle.

Om Olavstipendet

Biskopane i Den norske kyrkja deler kvart år ut Olavstipendet. Stipendet vart opphaveleg oppretta av kyrkjedepartementet for å auke kunnskapen om rolla til kyrkja i samfunnet og for å styrke kyrkja sin kompetanse til å løyse oppgåvene. Stipendet skal gå til prestar som er i aktiv presteteneste.

Waaler startar sitt prosjekt i januar 2024, medan Aas startar prosjektet i oktober.

Les meir om Olavstipendet her

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"