Moe kirke

Vi møtast utanfor kirka ein varm sommardag, og tek ein tur rundt og ser på det fine uteområdet. Det er fint og velstelt rundt Moe kirke, som ligg mellom Vormstad og Svorkmo.

Elin Hestnes Dahl ved Moe kirke

Etter at den tette skogen er teken bort på nordsida, er kirka eit flott skue også når ein kjem kjørande frå nord. Nyleg er det ordna eit hellelagt område ved flaggstanga, med plass for benker og fint planta rundt. Det at det ligg eit gartneri like ved, er nok litt av grunnen til at det er så fint på kirkegården. Ei som tidlegare arbeidde på gartneriet er involvert i beplanting ved inngangen, og blomster på alteret til gudstenester kjem også frå gartneriet. Ved det nye uteområdet har gartneriet også satt sin signatur.

Det er god oppslutting om dugnad på kirkegården. Det er viktig at det er velstelt rundt kirka, og det skal opplevast godt å komme hit, enten det er for å besøke ei grav eller for å oppleve eit arrangement.

 

Elin har budd på Svorkmo sidan tidleg på 80-talet, der ho har jobba som førskulelærar og seinare lærar. Ho kjem frå Salhus nordvest for Bergen, og mannen hennar kjem frå Tennfjord på Sunnmøre. Sjøl om dei ikkje er døpte og konfirmerte i Moe kirke, og heller ikkje har nokon av sin familie gravlagt her, har dei fått eit nært og godt forhold til kirka, og ser på den som si kirke.

I denne kirka gifta vi oss, og sonen vår er døpt og konfirmert her. Vi har fått følge fleire vener og kjende til grava.  Etter 42 år i bygda kjenner vi at vi høyrer til her, og har felles historie med mange. Vi har fått gå eit stykke veg i lag.

 

Elin er vel ei som kan kallast ein trufast kirkegjenger. Ho har tatt del i ulike deler av menighetsarbeidet gjennom mange år. Det er fleire som er med i ein turnus med dei ulike oppgåvene som trengs ved gudstenester, som kirkeverter, forsangere og tekstlesere.

Det er godt å kjenne at ein høyrer til i kirka, i ei menighet, eit fellesskap med Gud og kvarandre. Kirka er meir enn ei fin bygning. Den er bygd av levande steiner, seier Jesus, og han er hjørnesteinen. Der er det rom for stille og ettertanke, for bønn, Guds ord, nattverd.

Det er fint å kome på gudsteneste, skulle ønske at fleire ville kome dit! Her er det plass til både den som trivst best på bakerste benk og for den som vil vere litt i forgrunnen. Dei fleste er vel kanskje “midt i mellom”. Det er viktig at alle kjenner seg inkludert, uansett kven dei er og kvifor dei oppsøkjer kirka. Kvar og ein er viktig og spesiell i Guds auge. Vi har prestar og tilsette som er opptekne av dette og som legger til rette for dei som evt har spesielle behov og ønsker.

 

Om bygda sitt forhold til kirka har Elin inntrykk av at folket er glade i kirka si, og holdninga har vore at no er det kanskje min tur å ta ein periode i menighetsrådet. Der får ein kontakt med kvarandre på ein annan måte når ein jobbar saman for ei felles sak, og dei i menighetsrådet er flinke til å ta på seg oppgåver også utanom det reint administrative. I år har det derimot vore krevande å få folk til å stille til valg, omlag 200 er spurt før det kom på plass ei liste.

Mange kjem med barna sine til dåp i kirka, og følger opp når barna blir eldre og får invitasjon til 4- og 6-årsbok, skulestarter-gudsteneste, lys våken, og som konfirmant. Ein stor andel i soknet velger kirkeleg konfirmasjon. Det er godt å møtast på merkedagar i livet, både i glede og sorg.

 

Sang og musikk er det mykje av i kirka vår, og det set Elin stor pris på. Det er mange gode frimodige sangere i bygda, og det gjer salmesangen sterk og tydeleg. Her er det vanleg å synge ut. På gudstenestene er det to forsangere som står oppe ved orgelet. Dyktige organister legg til rette for god sang og musikk, og det er flott at både orgel og piano blir brukt. Det er ei glede å delta på konsertar og ulike arrangement, få høyre korsang frå dei yngste i Soul Kids og til dei eldste i pensjonistkoret. Orkland mannskor har sin base her på Svorkmo, og dei har vi mykje glede av både som kor og enkeltsangere.

 

Elin er veldig glad i den nye salmeboka og å lære nye salmer. Ho trekkjer spesielt fram salme 460 Bortom tid og rom og tanke (av Heidi Strand Harboe). Første verset er slik:

Bortom tid og rom og tanke,

finst ein stad der alt er annleis,

finst ein stad der alt er heilagt,

finst ein stad der Kristus er.

Nær min trøytte, redde tanke.

Nær min draum, min lengt, min styrke.

Nær mitt liv og alt eg lever.

Det er godt å vera der.

Denne salmen har ein spesiell tekst for henne. Det å kome til kirka, vere der, i eit ellers så aktivt liv.

 

Det er godt forhold mellom kirke og misjonshushus, det er jo mykje dei same folka som går der. Elin er glad for at ein kan møtast både til gudsteneste og til meir “uformelle” samlingar, der ein kan ha rom for samtale og refleksjon rundt dette med å tru. Ho brukar ord som fellesskapssbygging, levande, pulserande. Desse “levande steinane” kanskje.

Samlingar i kirka bør ikkje vere for stive, ikkje for mykje litturgi. Flott med musikalsk variasjon. Vi får god forkynning av vår faste prest Åse Rugland, men også andre prestar har gudsteneste her, og det har vi stor glede av.

 

Prestegarden låg på Svorkmo, men no er dei fleste prestegardane ikkje i bruk lenger og selde ut av kirka. Prestane har ikkje buplikt som før, og det er kanskje fint. For meg er det eit sakn, at presten ikkje lenger er ein del av lokalmiljøet. Åse er ein likandes prest, og vi set stor pris på dei møtene vi har med henne.

 

Moe kirke er ei stor og romsleg kirke, og vi finn ein del gamle møblar og finurligheter. På eine sida er det laga til ein plass for barn, med teiknesaker, bøker, leikar og eit alter. Alteret vart ordna av Tormod Hagen og Reidar Halgunset. Eit flott stykke arbeid laga av gjenbruksmaterial frå eit interiør i bårehuset. Finn Skauvik stod for utsmykking med bladgull.

Gamle stolar og bord med akantusranker, nokon veit kanskje kven personane under bordet er?

 

Det er tid for å ta farvel. Eit følge kjem til kirkegården for urne-nedsetting. Det skulle gjerne vore ein namna minnelund også her. Det blir meir og meir vanleg med kremasjon, eit ønske fra både pårørande og myndigheter.

------------------------------

Moe kirke er verd eit besøk! Ei flott kirke både utvendig og inne. Vi kan gjerne besøke kvarandre sine kirker, til glede både for oss sjøl og dei som går i kirka der til vanleg. Og dette må jo vere ei kirke spesielt for den sangglade! 

Dermed er utfordringa gitt til heile Orkland, kom og besøk Elin si kirke! Ei flott kirke som bygda har god grunn til å vere stolt av.

Tekst og dei fleste bilder:

Liv Inger Kvalheim  

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

 

Fakta om Moe kirke, henta frå ulike nettsider:

Moe kirke er den tredje kirka som er lokalisert i området. Dei to første kirkene, Verkskirka ( 1675-1816) og Smedhaugen (1816-1866), låg ved tettstaden Svorkmo, og vart sett opp i samband med smelteverket. Les meir om desse kirkene på nettsida til orklandkirkene.

Kirka på Smedhaugen vart for lita, og det vart sett opp ei ny kirke på Moe. Tre av veggane i Smedhaugkirka vart nytta i koret til Moekirka, og alterutstyret og klokkene vart også overført til den nye kirka.

På vigsledagen 28. desember i 1867 møtte det svært mykje folk. I følgeTrondhjems Folkeblad var det samla 3-4 tusen mennesker den dagen. (det står at kirka rommer 700 mennesKer, men det rette talet er nok i overkant av 300.

Før 100-års jubilèet vart det gjort omfattande reparasjonar både inne og ute. På 1960-talet vart det ordna med flomlys, nytt orgel kom på plass, det vart bygd bårehus og dåpssakresti. Glasmaleria er frå 1970-talet. I seinare tid er det ordna med toalett i tilknytting til våpenhuset.

Vi har ei kirke her i Øverbyda som vi kan være stolte av. Ho ligg vakkert til her på Moe, og vi håper ho får ligge i fred her i mange, mange år til, står det i omtalen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Orkland kirkelige fellesråd

Avd. Fannrem

Adresse
Blomstervegen 12
7320 Fannrem

Åpningstider
Mandag, onsdag - fredag 09 - 14
Tirsdag 10 - 14

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

 

Org. nr 923 115 552

 

Avd. Agdenes / Snillfjord

Adresse
Snillfjord kirkekontor: Ågjerdet 8, 7257 Snillfjord 

Agdenes kirkekontor: Harald Grønningens vei 10, 7316 Lensvik

Åpningstider
Åpent etter avtale med sokneprest

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Avd. Meldal

Adresse
Kvamsveien 621
7336 Meldal

(Kommunehuset 3. etasje)

Åpningstider
Tirsdag 10 - 14
Torsdag 10 - 14

Telefon Meldal
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"