Snillfjord kirke

Vi tar denne gangen turen til Krokstadøra og Snillfjordkirke. Her har eg (Liv Inger Kvalheim) invitert Torill Margrete Imsteren Notøytil intervju. Sokneprest Jon Nilsen stikk òg innom somsidekommentator.

Snillfjord kirke

Torill bur på Krokstadøra og er ein trufast kirkegjenger. Ho er oppvokst på Fenes, som da høyrde til Agdenes sokn. Der er ho barnevelsigna og konfirmert. Torill vart døypt rett etter fødselen, da dei ikkje trudde ho ville overleve.


Konfirmasjonsundervisinga hadde ho i Snillfjord, 14 dagar “i strekk” før konfirmasjonen. Da måtte ho losjere på Krokstadøra. Det var litt andre tider, før grendene i Snillfjord vart meir samanknytte med veg.
Det var her i Snillfjordkirka at ho og Karl gifta seg i 2008. Dei treftes gjennom ein møteserie Karl var taler på, og hadde sporadisk kontakt i mange år før dei kom på å slå seg saman som ektefolk. Dessverre døde Karl i 2020, dei fekk 11 år saman.


Kirka er viktig i bygda, for alle. Det er eit samlingspunkt, ein plass der eg kan treffe andre til ein god prat, høyre ordet forkynt og synge salmer. Sang og musikk er viktig for meg og gir stor glede. Da eg budde i Rindal i 20 år, var eg med i Rindal kirkekor. Sidan eg flytta hit i 2005, har eg hatt fast plass i altrekka i Snillfjordkoret, som også har sine faste oppdrag i kirka. På orgelkrakken har eg også site ein sjeldan gong, men no er ikkje fingrane heilt med meg lenger. For artig kalla Jon meg for “Kirkens Nødhjelp” når eg var vikar og spela på gudstenester på Sunde og på Omsorgssenteret.


Ein viktig eigenskap hos Torill er løysingsorientert. Sidan ungdommen har ho hatt revmatisme, og bekhterev gir henne ein del utfordringar. Sjøl om ho har tunge stunder innimellom, klager ho sjelden: “Det er det jo ikkje hjelp i.” Med ein del praktiske hjelpemidlar og god fantasi, klarer ho
seg i kvardagen, og er til stor hjelp for andre. Tirsdager er ho i aksjon og hjelper 8-10 andre å handle på butikken. Det blir to turer, nokre er med i bilen, andre handler ho for. “Eg set pris på denne oppgaven, det er sosialt og eg får vere til nytte.” Og eg føyer til: Ho er eit godt eksempel for oss andre!


Snillfjord kirke har vore prega av stabilitet i arbeidsstokken. Jon Nilsen har vore prest her sidan 1987, Leslie Fielding klokker/kirketener i 34 år, og Jostein Selnes organist i “alle dei år”. Identiteten til kirka har nok sterk samanheng med dette trekløveret. Jon er sokneprest også i Vinje. Han bur på Krokstadøra, og kjenner seg heime her. Han kjenner folket og familiane i soknet. Han blir ofte kalla Jon Prest, men det kjenner han ikkje så veldig på sjøl. Han er ein av bygdafolket og deltek i det som foregår i bygda.
Onsdagskaffen, basarer, middager på Kroa, fint å vere der folk møtast.


Torill og Jon er einige om at folk i Snillfjord er glade i kirka si. Foreninga “Kirkens venner” har stått for basarer til fornying av kunstmalinga i kirkerommet, og no står oppussing av dåpssakristiet for tur. Blomsterurnene på portstolpane er det Helselaget som står for, nye plantar to gonger i året. Mange gir minnegaver til kirka. Benkeputene, dåpsfatet og to utebenker er eksempel på bruk av slike gaver. Mange utflytta snillfjordingar kjem hit når dei vil gifte seg og døype barna sine. Det tyder på sterk tilknytting til kirka, og til presten. Husflidslaget har stått som arrangør av konserter. Det er eit ønske at kirka kan brukast meir til det.


Sjøl om bygdefolket er glade i kirka si, er det slik her som mange andre stader, at det er glissent i kirkebenkane på gudstenester. På 17.mai og julaften har det også gått veldig tilbake. Det som fyller kirka er barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Dette er viktige markeringar i livet, og vi er glade for at folk knytter livet sitt opp mot kirka ved ulike livshendingar.


Jule- og påskevandring for barnehagen er populært, og skulegudsteneste før jul. Kirkerommet fungerer fint til babysang. Snillfjord har ikkje menighetshus, men vi brukar kirkerommet der vi kan. Det er også gudstenester og andakter på Snillfjord Omsorgsenter, viktige arrangement som blir sett stor pris på.
Gravplassen og uteområdet blir tatt godt vare på. Og viss du lurer; ja, vi lar graset gro i grusgangen. Der lar vi det praktiske gå foran det estetiske. I vinter/vår skal skråningen mot sør ryddast for skog. Kirka har etter kvart blitt nesten usynleg fra bustadfeltet. Kjem du til Snillfjord kirke på gudsteneste, blir du møtt
av ein folkeleg stab, kan bidra i salmesangen, høyre Jon preike til ettertanke og med humor, og kan stoppe opp for ein prat og kirkekaffe; vi har alltid kirkekaffe!


Ein liten kuriositet til slutt: søndagens kirkevert kan fortelle at presten som betjente Snillfjord kirke på 1950-60-talet, og kom med båt fra Hemne, fekk middag hos besteforeldra hennar på Krokstad etter gudstenesta. Dermed måtte båten og dei andre passasjerane vente med heimturen til presten var ferdig med middagen....


Til hausten inviterer vi til 125 års markering!

Velkommen til både bygdefolk og utabygds!

Tekst og bilder Liv Inger Kvalheim

 

- - - - - - - - - - - - - - - -

Fakta om Snillfjord kirke


Snillfjord kirke ligg sentralt til på ei høgde ved hovudvegen i bygda Krokstadøra.
Før kirka på Krokstadøra vart bygd, sokna innbyggarane til Hemne kirke. På slutten av 1870-talet var det stor debatt og mange utspel for å minske kirkevegen til “utkantane” i Hevne kommune. Det vart lagt ein gravplass på Å i 1880, og dette vart den naturlege plassen for kirka.


Kirkebygg
Kirka vart oppført fra 1898 og innvia den 27. september 1899. Arkitekt var Ole Falck Ebell, og byggmester var Ole og Johan Væge. Kirka har rundt 210 plasser. Dåpssakristiet
kom til i 1978, og kirka vart restaurert i 1989.


Interiør og inventar
Utsmykkinga av taket inne i kirka var det D. og J. Skibnes som stod for i 1956. Altertavla er mala av
Conrad Valeur etter kopi av altertavla i Johanneskirka i Bergen. Preikestol, døypefont og brudestoler er laga av Johan Berg og Johan J. Berg. Orgelet fra 1930 vart i 1970 avløyst av eit nytt, begge fra Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk. Pianoet er fra 1984. Kirkeklokka vart støypt ved Baklandet Støberi og Mek.verksted i 1899.


Kirkegårder
Kirkegården vart tatt i bruk i 1880, seinast utvida i 1991. Det eldste bevarte gravminnet skal vere fra 1884. I tidligare Snillfjord kommune er det to hjelpekirkegårder: Ven (no i Heim kommune) og Rottem (no i Hitra kommune). 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Orkland kirkelige fellesråd

Avd. Fannrem

Adresse
Blomstervegen 12
7320 Fannrem

Åpningstider
Mandag, onsdag - fredag 09 - 14
Tirsdag 10 - 14

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

 

Org. nr 923 115 552

 

Avd. Agdenes / Snillfjord

Adresse
Snillfjord kirkekontor: Ågjerdet 8, 7257 Snillfjord 

Agdenes kirkekontor: Harald Grønningens vei 10, 7316 Lensvik

Åpningstider
Åpent etter avtale med sokneprest

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Avd. Meldal

Adresse
Kvamsveien 621
7336 Meldal

(Kommunehuset 3. etasje)

Åpningstider
Tirsdag 10 - 14
Torsdag 10 - 14

Telefon Meldal
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"