Soknepresten innrømmer

"Eg er hekta på spel." På nyåret inviterer sokneprest Ola Garli born og vaksne til Austråttborgen for å vera med Maria og Josef på flukten til Egypt.

Foto: Larisa Margrethe Ross Sagranden

Kyrkjelivet i Ørland har vore i endring dei siste åra. Barn og vaksne har vorte utfordra til å delta på spel og vandringar. Eg er hekta på spel, seier soknepresten.

- Vi lever i ein trustradisjon som er med på å svekka den fysiske helsa vår. Vi sit altfor mykje i ro og kyrkjebenkene er som ei lang stolheis som fraktar oss frå start til mål. Ein blir ikkje i form av slikt.
Sokneprest Ola Garli smiler lurt når han kjem med hjartesukket sitt, men det ligg alvor bak.
- Dei siste åra har eg sett meir og meir korleis dei mange orda i kyrkja vert opplevd som trøytande og passiviserande på ein del av dei som kjem til kyrkje. Dei nye generasjonane ynskjer å vera meir aktive sjølve. Vi ser det både i bryllaup og i gravferder at folk vil delta i utforminga av seremoniane, seier soknepresten. - Og vi som steller med gudstenester, ynskjer å bidra til meir deltaking og rørsle i og utanfor kyrkjerommet.

Ørland menighetsråd og dei tilsette har arrangert vandringar med jamne mellomrom i lang tid. Pilegrimsvandringar til Austrått om sumaren, konfirmantvandringar på Brekstad, påskevandringar om våren, og i fleire år har barnehageborn fylt kyrkja med spelet om Betlehem i desember.
- No står ein spanande nyskapning for tur. Det finst mykje legendestoff å ta tak i med omsynt til det som skjedde med Josef og familien på vegen til Egypt, seier Garli og peikar på pyramiden på Austrått som ei av dei naturlege kulissene for vandringa. Dei som kjem til Austrått 13. dag jul, er sjølve med og skapar spelet der og då, men ingen treng å seia noko. Han er glad for det positive samarbeidet med Austråttborgen. - Borgen er som ein billedbibel med sitat og motiv både frå det gamle og det nye testamente, seier han.
- Samlinga tar til inne i fløysalen før vi startar vandringa som går frå Betlehem til Egypt, via Nasaret til Jersalem. Etter omlag ein halv time er vi inne igjen. Der ét vi av pynten av juletreet og anna god mat, samstundes som vi roar ned med julesongar, seier soknepresten i Ørland.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"