Bidra til Os kyrkjelyd!

For å drive ein levande kyrkje trengst mange ulike bidrag. Å få gje av sine gåver til fellesskapen er òg ei gåve, anten du vil bruke tid og krefter på praktisk hjelp, sitte i råd og utval og/eller støtte kyrkja sitt arbeid økonomisk. Her ynskjer vi alle bidrag velkommen!

Vil du bli fast gjevar til Os kyrkjelyd? Klikk her for å komme i gang via systemet Solidus!

Alle kan bidra!

Kyrkjelyden har eit vell av aktivitetar og tiltak der frivillig innsats er heilt naudsynt. Svært mange av desse aktivitetane foregår i vårt eige, fantastiske kyrkjelydshus Tunet kyrkje- og kultursenter, midt på Osøyro. Å halde dette huset i drift krev mykje økonomisk og praktisk. Kanskje du kan bidra?

Ei fast oppgåve når og så ofte det passer for deg - eller eit fast trekk i månaden - kan hjelpe til at det ikkje berre "blir med tanken". Ta kontakt om du ynskjer hjelp til å komme i gang!

Gjevarteneste - ei bærebjelke

Kyrkjelyden driv eit mangfaldig arbeid, og har oppretta to gjevarteneste-føremål:

  • Tunet Kyrkje- og kultursenter
  • Ungdomsarbeidet

Å drifte kyrkjelydshuset vårt og halde oppe eit breidt ungdomsarbeid for unge i Os dekker ein del av det kyrkjelyden gjer, men ikkje alt. Om du ynskjer å gje støtte spesifikt til andre tiltak, eller har andre spørsmål knytt til testamentariske gåver eller anna, ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Målet for 2022 er å få 500 000 kroner i private gåver. 

Hugs at du kan få frådrag i skattepliktig inntekt når du gjev pengegåver i storleik 500 kroner og opp til 25 000 kroner per år. For at dette skal overførast frå kyrkja til Skatteetaten automatisk må du oppgje fødselsnummer ved teikning av avtale.

Bli fast gjevar!

For å teikne fastgjevar-avtale godkjenner du med BankID. Om du vel Vipps som betalingsform, kan du administrere avtala frå Vipps-appen.

Du kan óg gje einskildgåver ved å Vippse til 20250. Marker gjerne med "Gåve"

Du kan òg sette opp fast trekk i nettbanken din til konto 3201.53.23506.

Kjem du innom administrasjonen i Tunet hjelper vi deg gjerne, og du kan fylle ut skjema for å teikne Avtalegiro.

Uansett korleis du vel å bidra: TUSEN TAKK FOR GÅVA!

Dersom du ynskjer å avslutte din faste gjevaravtale, ta kontakt med oss på tlf 56 57 24 00 eller post.os@kyrkja.no.
Os kyrkjelyd sitt org.nr. er 976 995 155.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for

KONTAKT

Kyrkjekontoret ligg i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Telefon: 56 57 24 00  
E-post:  post.os@kyrkja.no
Telefon- og besøkstid:

man-fre: 10-14

onsdag: Stengt

FAKTURAADRESSE

Fakturaadresse:
Os sokneråd
Postboks 209
5202 Os


eller epost: mb.20018@xledger.net
Org. nr. 976995155

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"