Torsdag i Tunet: Førstehjelp ved sorg

Korleis vere til stades i andre menneske sin sorgprosess på ein god måte? Denne samtala med diakonane Peder Nedrelid og Ingrid Vik vil peike på nokre konkrete tips, og opne for ein større samtale om fellesskap i sorga.

Torsdag i Tunet: Førstehjelp ved sorg
Velkommen til ein ny spennande torsdagssamtale i Tunet, denne gongen eit samarbeid mellom diakoni-arbeidet i kyrkjelyden og Torsdag i Tunet (TiTT).
 
Tid: 17. oktober kl. 20-22.00
Stad: Storsalen i Tunet kyrkje og kultursenter.
 
Diakon Peder Nedrelid vil fortelle frå sitt arbeid med menneske i sorg og krise gjennom si teneste i Sjømannskyrkja.
Diakon Ingrid Vik vil innleie til samtale rundt borda, og hente litt frå brosjyra "Førstehjelp ved sorg".
Det blir som ofte før på TiTT musikalske innslag og enkel kveldsmat.
Samlinga er open for alle og krever ingen påmelding. Valfri gåve på Vipps. Om du vil gje beskjed om allergier eller andre tilretteleggingsbehov kan du gjerne ta kontakt med diakon Ingrid Vik på tlf. 45051212.
Hjarteleg velkommen!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"