Vil du ha eit godt råd?

Til hausten er det igjen Kyrkjeval og det er blitt oppretta ein nominasjonskomitè som arbeidar med å finne nye kandidatar til å stå på liste. Vil du vera med å gi Sula sokn eit godt sokneråd eller kjenner nokon som kan bli utfordra til å sitja i vårt sokneråd?

Vil du ha eit godt råd?

Hausten 2023 er det Kyrkjeval. Det betyr at vi må velja nytt sokneråd i kyrkjelyden vår.
Soknerådet har 8-10 møter i året og soknepresten er medlem, i tillegg til 8 valde medlemmar og 5 vara. 

I vår kyrkjelyd arbeidar Soknerådet utifrå mellom anna ein diakoni-, kyrkjemusikalsk- og trusopplæringsplan m.m.

Vi har ulike underutval med medlemmar frå både soknerådet, frivillige medarbeidarar og stab.
Underutvala arbeidar med ulike tiltak og har 2-4 møter i året. Utvala vi har her i Sula sokn er: 

Administrasjonsutvalet
Arbeidsutvalet
Forhandlingsutval

Diakoniutvalet
Barne- og familieutvalet
Gudsteneste- og kulturutvalet
Kyrkje- og kyrkjegardsutvalet
Estetisk utval
Planutval for kyrkjelydssenter

Ei nasjonal undersøking blandt sitjande soknerådsmedlemmar viser at eit stort fleirtal trivst og opplev det som meiningsfylt å vera med i soknerådet.

Vil du vera med på laget?

Nominasjonskomité i Sula sokn set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til Sula sokneråd og leiar for nominasjonskomiteen (sjå kontaktinfo under) innan 01.mars. Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.

Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.

Kontakt leiar i nominasjonskomitèen: Olav Hoff via e-post olavhoff1@gmail.com om du lurer på noko, har forslag på kandidatar eller har lyst å stilla til val.

Endeleg nominasjonsliste må vi seinast ha på plass innan 31.mars kl. 12.00.

Kyrkjevalet finn stad (10.) 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.

Les meir på kyrkja.no: Stille til valg til menighetsrådet i kirkevalget - Den norske kirke (kirken.no)
Meld deg på kyrkjevalet sitt nyheitsbrev: Meld deg på nyhetsbrev (dialogapi.no)

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"