Då Josef var trønder

Julehelsing frå biskop Olav Fykse Tveit

Foto: Torgrim Melhuus, Titt Melhuus

«Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier ifrå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta.» Matt 2, 13-14

Josef er ein av dei figurane som må vere med i julekrybba. Vi høyrer ikkje så mykje om han. Likevel må han vere med, det vert ikkje jul utan han. Det er Maria som føder Jesus, og det er ho som er med i forteljingane om Jesus som vaksen. Josef vert på ein måte borte.

Eg har ein gong gjort Josef til trønder. Det skulle vere juletrefest for store og små på Ås der vi bur, og sidan det var i kyrkja, ville ein ha eit alternativ til ein CocaCola-nisse. Eg hadde tatt på meg jobben å kome med gåver til barna, men det var opp til meg å finne på noko. Så eg gjekk på juletrefest i kyrkja i kjeledress, med hammar og tommestokk i beltet. Det var det året då vi bygde hus, og romjula var fine dagar til å få gjort noko. Så eg kunne gå rett inn i rolla, utan å skifte, og spelte snekkaren Josef, frå Nasaret.

«Josef» hadde med seg små gåver til barna, og fortalte juleevangeliet slik han hadde opplevd det. På trøndersk, så godt eg kunne hugse åfjordsdialekten.

For Josef kom frå nord i landet, han budde ikkje i hovudstaden Jerusalem. Dei hadde rett nok slekt i Betlehem, men heller ikkje det hjalp for å få husrom til Maria og han sjølv då dei kom for å skrive seg i keisarens folketelling.

Eg veit ikkje heilt om barna oppfatta poenget, men dei var fornøgde med å få godteposane. Kanskje nokon av dei vaksne gjorde det: Det var Josef som var innom, ein vanleg mann, med ein vanleg jobb, med eit språk eller dialekt som ikkje var lært i hovudstaden.

Jesus er født inn i vår verden, vår heilt verkelege og vanlege verden. Han er født i ein familie som ikkje er på slottet eller i maktas sentrum, men hardt pressa og trua i ei tid då mykje sto på spel for dei som hadde makt. Keisar Augustus ville sikre seg oversikt over innbyggarane - og skatteinntekter. Kong Herodes var redd for rivaler.

Josef vert skildra som den som gjer det ein far skal gjere – og som mange fedre og mødre må gjere i vår tid, også: Beskytte barnet sitt, om nødvendig ved å flykte til eit anna land.

Josef lyttar til Guds tale til han gjennom draumane sine. Han lyttar dermed sikkert til si eiga indre stemme også. Han er ein mann med integritet og ryggrad, og med gjennomføringsevne og offervilje. Ein mann som sikkert levde godt med å stå bak andre, og ikkje måtte vere den som var i sentrum og alt handla om. Men han var ein person med tanke, haldning og handlingar som var påverka av Guds vilje.

Slik vert det understreka i Matteusevangeliet at Jesus kom til jord som ein av oss. For å få fram kva Gud vil midt iblant oss: At Guds rike med rettferd, fred og glede skal komme. Inn i alt vi menneske frydar oss over eller slit med, i gleder og i sorger, i kriser og i dei heilt vanlege dagane. I snikkarverkstaden. Blant fiskarar. Blant tollarar og syndarar.

Jesus lærte oss alle å be: «La din vilje skje på jorda så som i himmelen.»

Til ære for Gud. Slik englane song om det den første julenatta. Og til glede for oss. Slik Josef fekk høyre om det første gongen.

No skal vi igjen feire jul og kan igjen høyre det gode budskapet: I dag er det fødd dykk ein frelsar. I ein stall. Midt iblant oss.

God jul til alle i heile Nidaros bispedømme!

Helsing
Olav Fykse Tveit, preses og biskop for Nidaros domprosti

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Berg menighet

Besøks- og leveringsadresse
Strinda og Berg kirkekontor
Brøsetvegen 168, 7069 Trondheim - 2. etasje

Åpningstider:
Mandag - torsdag 10.00 - 14.00

Sentralbord:  99 43 60 00

Besøksadresse Berg kirke
Kong Inges gate 49 A

Org.nr.  986 257 543

Post- og fakturaadresse:

Berg menighet / Strinda menighet

Kirkelig fellesråd i Trondheim
Postboks 2300 Torgarden
7004 Trondheim

Bank Berg menighet
4213  20  92499

Vipps
75775 - kollekt, ofring og gaver generelt
690174 - menighetens misjonsprosjekt

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"