1. Du får oppleva kva kristen tru er. Kristendommen blir meir enn berre ein del av eit skulefag.
2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir teken imot for den du er. Ein dag som ikkje er bursdag, men ein helt spesiell dag der alt er for deg.
3. Du får oppleva eit nytt fellesskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og blir kjend med nye menneske, og kanskje får du ein ny venn?
4. Du får engasjera deg for andre menneske. Dette gjer du mellom anna ved å delta i Fasteaksjonen, der du får vera med å samla inn pengar til reint vatn med Kirkens Nødhjelp. Du får også læra kva me kan gjera for å ta vare på jorda og klimaet vårt.
5. Konfirmasjon er ein fin anledning for dei som er glade i deg til å feira deg, og det du betyr for dei.
6. Du får tid til å reflektera over store spørsmål, og bli kjend med kva du trur på – og kva verdiar som er viktige for deg.
7. I konfirmasjonstida snakkar me om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.
8. Vel du kyrkjeleg konfirmasjon, er det ei muligheit til å tenkja sjølv. Du får tid til å reflektera, tenkja kritisk og sjølvstendig på kva tru og kristendom er.
9. Som ein konfirmant sa «Å konfirmera seg kristeleg gjev liksom litt meir meining». Du blir del av eit større fellesskap.
10. Du møter folk med forskjellige meningar, med ulike bakgrunnar, og sammen med dei lærer du noko felles.