Sist kyrkja vart måla var i 2008. Måling er no planlagt til 2026. Kostnadsoverslaget vi har fått er bortimot 1 mill kr. Til dette arbeidet fins det ingen tilskotsmidlar i kyrkjelege organ eller i heradet, ein kan ikkje nytta investeringsmidlar til vedlikehald. Soknerådet/Fellesrådet planlegg å søkja om tilskot frå fleire eksterne instansar, og vi må og søkja tilleggsløyving til budsjettet 2026 frå Ulvik herad. I tillegg må vi nok skaffa ein stor del av summen sjølve. Vi startar difor ei innsamling til måling av kyrkja. Både små og store bidrag er velkomne. Vi har sett oss eit «hårete mål» på 350 000 kr. Det er mykje pengar! Men vi trur fullt og fast at både private og bedrifter i Ulvik og kringliggjande bygder kan tenkja seg å vera med og ta vare på den vakre kyrkja vår.
Du kan gi ved å nytta Vipps 125390, velg «Maling av Ulvik kyrkje»
Insamling maling Ulvik kyrkje | Barometer |
januar 2025 | kr 444,- |
februar 2025 | |
mars 2025 | |
2. kv. 2025 | |
3. kv. 2025 | |
4. kv. 2025 | |
Total innsamla | kr 444,- |