Varm velkomst for sokneprest Janne Sukka

Nytilsett sokneprest Janne Sukka

Søndag 14. januar blei nytilsett sokneprest Janne Sukka innsett i Slidredomen. Kyrkja var fylt med omlag 150 menneske - konfirmantar med foreldre, soknerådsmedlem, tilsette, ordførar og andre folk frå bygda som ville ønske Janne velkomen. Det var pynta ekstra fint med blomar denne søndagen. 
Organist Jovita Bergheim hadde invitert med seg fløytist Julia Helgesen til ære for Janne – og dei to spelte nydeleg musikk - til glede for alle som var i kyrkja.
Leiar i Lomen sokneråd, Anne Gustavsen, leste tenestebrevet, og prost Carl Philip Weisser sto for bøn og sjølve innsetjinga.

Vi var så heldige at det var 2 dåpsborn med oss – noko som bidro til å gjere gudstenesten enno meir feststemt! Både Eik Stølen Bråten og Iver Haugrud Kampesveen var usedvanlege rolege dåpsborn, som helste «pent» på menigheten då Janne lyfta dei opp.

Etter gudstenesten var alle velkomne til kyrkjekaffe i kulturkafèen i Slidre, og der møtte det omlag 60 personar. Sokneråda hadde dekka og pynta bord så fint - og serverte kringle, kaker, frukt, kaffe og saft. Så vanka det velkomsttaler, gåver og blomar til Janne frå både fellesråd, sokneråd, prost og ordførar.

Frå soknerådet fekk Janne eit stor, flott skinn, som også var ei symbolsk gåve som synte kor varmt velkomen ho er! Også Janne sin kone, Marianne, var til stade og blei ønska varmt velkomen.
Janne hadde laga ein kviss med spørsmål om ho sjølv – ein morosam vri som gjorde oss betre kjend med ho. Carl Philip spelte gitar til song og presenterte ei flott lysbiletesamling frå aktivitetar og folk i kyrkja.

Det blei ein riktig fin søndag!  Først ein flott gudsteneste med litt høgtid. Deretter ei hyggeleg og mindre høgtideleg velkomstsamling for Janne, med lett og god stemning.

Takk til alle som møtte og var med å lage til ein slik fin dag, og særskild takk til konfirmantane – det var så viktig og flott at nettopp de var med denne dagen!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"