Då det blei utlyst europeisk salmekonkurranse i samband med Reformasjonsjubileet i 2017, blei Åshild Watne utfordra til å delta. Det angrar ho ikkje på at ho gjorde.
For komponisten frå Kristiansand, no busett på Ullern i Oslo, vann rett og slett heile konkurransen. Ho komponerte melodi til vinnarteksten signert danske Holger Lissner.
- Dette er kjmpegøy og ei stor overrasking. Og ikkje minst ei ære, tenk å bli valt ut blant 120 innsende bidrag! seier ho.
Fantastisk hobby
Åshild Watne underviser i høyrelære og ensemblesong på Institutt for musikkvitenskap på Universitetet i Oslo. Salmedikting er noko ho gjer på si, noko ho kosar seg med ved sidan av jobben.
- Å skrive songar er det artigaste eg veit! Eg har skrive mykje barnemusikk, og har mange melodiar i ei babysongbok som kom ut i fjor.
I "Reformation Song Contest" kunne ho velje mellom fleire tekstar, men fall umiddelbart for den danske teksten Når du vil av Holger Lissner. Den var også på engelsk, When you will, og Watne jobba parallelt med begge tekstversjonane for å lage ein melodi som kunne fungere på fleire spårk. Songen er snart å finne i norsk omsetjing.