Temagudstenester hausten 2017

31. oktober 2017 er det 500 år sidan Martin Luther offentleggjorde dei 95 tesane sine mot kommersialisering av avlat. Dette blir rekna som starten på det som utvikla seg til den lutherske reformasjonen. I 2017 vil lutherske kyrkjer og andre kyrkjesamfunn over heile verda markere hendinga på ulike måtar.

Lutherfestdager i Bergen mars 2017 tysk gudstjeneste anno 1868 i Mariakirken. (Foto: Magnus Skrede)

Saman med andre lutherske kyrkjer i alle verdsdelar har Den norske kyrkja valt å setje søkelys på tema som er svært sentrale for kyrkjene i dag: Hovudtema er «Nåde», med tre undertema: «Frelsa er ikkje til sals», «Menneske er ikkje til sals» og «Skaparverket er ikkje til sals».

For å få til ei markering av reformasjonsjubileet som både er landsdekkjande og samtidig heilt lokal, har hovudkomiteen for jubileet under leiing av preses Helga Haugland Byfuglien teke initiativ til at det skal haldast fire temagudsteneste i alle kyrkjelydar hausten 2017. Dette er så endelig vedteke av Kyrkjerådet. Det er vedteke eigne bibeltekster for desse gudstenestene, som erstattar dei faste tekstene frå 1. rekke. Det vil bli utarbeidd ressursmateriale til gudstenestene, for å gi hjelp til førebuinga. Det vil òg bli utarbeidd studiemateriell til bruk i grupper (bibelgrupper, samtalegrupper osb.) der ein kan arbeide med temaa i forkant av gudstenestene.

Kyrkjelydar som ikkje har gudsteneste kvar søndag, og som ikkje har høve til å gjennomføre dei fire temagudstenestene, må sjølv finne ut kva for nokre av gudstenestene dei har høve til å gjennomføre. Det er opp til den einskilte kyrkjelyden å finne ei løysning som fungerer godt.


Dei fire gudstenestene blir som følgjer:

27. august 2017
12. søndag i treeiningstida
Tema: Nåden aleine
Sal 116,1-9
Luk 15,11-32
Ef 2,1-10 (preiketekst)

17. september 2017
15. søndag i treeiningstida
Tema: Skaparverket er ikkje til sals
Salme 33,1-9
2 Pet 1,5-9
Matt 7,24-28 (preiketekst)

15. oktober 2017
19. søndag i treeiningstida
Tema: Frelsa er ikkje til sals
Jes 55,1-3
Apg 8,4-24
Luk 20,45-21,4 (preiketekst)

19. november 2017
24. søndag i treeiningstida
Tema: Menneske er ikkje til sals
Sal 8,2-10
Fil 2,3-11
Matt 18,1-6.10-14 (preiketekst)

Reformasjonsdagen 2017
På sjølve reformasjonsdagen, tysdag 31. oktober 2017, blir det ei nasjonal økumenisk gudsteneste i Nidarosdomen. Men dagen er òg eit høve til å lage gudstenester i dei andre domkyrkjene og i lokale kyrkjer. Det er dei faste bibeltekstene for Reformasjonsdagen som skal bukast, men biskopane rår til å bruke Rom 1,16–17 som preiketekst dette året.

I kyrkjelydar som ikkje har gudsteneste på reformasjonsdagen, er det høve til å skifte ut tekstene søndag 29. oktober 2017 (tekstene frå 1. rekke for Bots- og bønedag) med tekstene for reformasjonsdagen, men det blir tilrådd å bruke Rom 1,16-17 som preiketekst. Det er opp til kvar einskilt kyrkjelyd å avgjere om dei vil markere denne søndagen som Bots- og bønedag eller som Reformasjonsdag.

Særskilde preiketekster kyrkjeåret 2016–2017
Det er tidlegare vedteke særskilde preiketekstar for kyrkjeåret 2016–2017.

Dei vedtekne særskilde preiketekstene for adventstida 2016 og vårhalvåret 2017 står ved lag:
3. søndag i adventstida (11.desember 2016): Jes 35,1-10
Fastelavnssøndag (26. februar 2017): 1 Kor 13,1-7
5. søndag i treeiningstida (9. juli 2017): Jer 23,16-24

Dei særskilde tekstene som tidlegare var vedtekne for 9., 15. og 20. søndag i treeiningstida 2017, fell bort, slik at det desse søndagane blir preika over dei faste tekstene frå 1. rekke, med unnatak av 15. søndag i treeiningstida, da det blir temagudsteneste.


Innhaldet på denne sida er henta frå Rundskriv nr.1-2016 frå Kyrkjerådet.
Last ned rundskrivet i pdf-utgåve her >> Nynorsk   >> Bokmål

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for DEN NORSKE KIRKE OG NORGES KRISTNE RÅD

Ansvarlig redaktør:
Ingeborg Dybvig

Postadresse:
Kirkerådet
Postboks 799 Sentrum,
0106 Oslo
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Postadresse:
Norges Kristne Råd
Rådhusgata 1-3,
0151 Oslo
E-post: post@norkr.no 
Tlf.: 23 08 13 00

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"