Planlegginga

Det er dei næraste pårørande som har ansvaret for gravferda.

Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Ein kan òg velje å gjere det meste sjølv.

Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar.