Fleire stillingar i kyrkja

Det er meir variasjon og mangfald i kyrkja enn mange trur. I tillegg til dei som går i kappe og krage, er det òg mange som jobbar i stillingar som ikkje er vigsla.

Dei som søker kyrkja sine tenester treng å bli møtt av tilsette med serviceinnstilling og kunnskap. Ei levande lokalkyrkje er avhengig av eit tverrfagleg felleskap. Eit felleskap der dyktige fagfolk kan samarbeide om å skape gode møter mellom menneske, og legge til rette for møte mellom menneske og Gud.

Difor har kyrkja behov for folk med kompetanse innanfor alt frå økonomi og administrasjon til byggdrift og grøntfag. Gode kyrkjeverjer og andre leiarar er viktig. Kyrkja treng folk som kan engasjere og administrere friviljuge, og treng mangfaldet som skal til for at kyrkja kan vere her for alle, der dei er.