Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Det brann seg fast på netthinna!

- Ei reise til Sør-Etiopia i haust saman med Fusa kyrkjelyd og "Bruktbuo" gav meg eit nytt perspektiv på livet. Det er så lite som skal til for å gje andre menneske eit nytt håp, fortel Jan Koldal i adventskalenderen 18. desember.

Til jul ser vi jo på ein enorm handelsfest hos oss, og ofte sløseri. Me burde ha meir fokus på dei som har mindre, men også meir fokus på julebodskapen.

Gjennom kona si deltaking i Bruktbuo bestemte vi oss for å bli med kyrkjelyden til Sør-Etiopia. Saman med reiseleiarane og tidlegare misjonærar i Etiopia gjennom tjue år, Jorunn og Osvald Hindenes, fekk 25 fusingar og nokre andre venner opplevingar som ikkje lett  kan uttrykkjast i ord.

Både Bruktbuo og Fusa kyrkjelyd har gjennom fleire år samla inn midlar for å hjelpe brannskadde born  i Etiopia. Den norske legen dr. Einar Eriksen gjer eit stort arbeid der med å operere brannskadde born, utdanne lokalt helsepersonell til å utføre operasjonar og stell av pasientar, og dessutan ruste opp sjukehus i Hagere Mariam i det sørlege Etiopia. Vi fekk omvising på sjukehuset, møtt lokalt utdanna helsepersonell – og ikkje minst møte mange brannskadde born – alt dette vi har vore med og støtta økonomisk.

Brannskadde er eit stort helseproblem i mange afrikanske land. Vi såg smerta til dei brannskadde – vi såg at borna fekk hjelp og håp om ein ny start i livet - Dette brann seg  fast på netthinna vår! Vi såg at innsamla midlar var kome fram - vi møtte takksemda frå folket. No er vi i gong med ny innsamling til å ruste opp eit behandlingsrom på sjukehuset – det skal bli vår jule- og nyttårsgåve til borna og helsepersonellet ved sjukehuset i Hagere Mariam.

Eg har alltid trudd at misjon berre er å forkynne Guds ord, men det er så mykje meir; helse, skule, diakoni og omsorg.

Jan Koldal, Eikelandsosen i Fusa sokn.

---- 

Jan Koldal var ordførar i 1988-91. Han har vore bonde, lærar og rektor ved Fusa ungdomsskule og dessutan arbeidd som utdanningsleier og rådgjevar i Fusa kommune.

 

I Den norske kirkes adventskalender kan du hver dag i adventstiden bli kjent med et nytt menneske som forteller om hva troen og kirken betyr i deres liv. Klikk på lukene under.