Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fleire tenner lys på allehelgensdag

Stadig fleire erfarer allehelgensdag som ein viktig minnedag. - Mange lever med sorg og sakn. Dei finn trøyst i at lyset skin på grava, seier diakon.

Minnemarkeringar for døde er av dei eldste kristne skikkane vi har. Lystenning på graver har vore ein veksande tradisjon i Norge dei siste tiåra.

- Dei første sikre tala på dette har vi frå 1991. Då hadde 40% av befolkninga tent lys på ei grav i løpet av siste året. I 2008 hadde denne andelen stege til 59%, fortel forskar Olaf Aagedal ved KIFO - Institutt for kirke-, religions- og livssynsforsking.

Framleis er det truleg flest som vitjar grava julekvelden, men allehelgensdag veks som ein viktig minnedag. Aagedal ser grunn til å tru at bruken av lystenningssymbolet berre vil auke. Årsakar til det kan vere auka turisme der ein til dømes har opplevd lystenning i katolske kyrkjer. Teologisk skepsis til lystenning på graver har samstundes minka og lystenning blir eit stadig vanlegare ritual i Den norske kyrkja.

- Ved katastrofar og nasjonale minnemarkeringar har lystenning blitt ein viktig del av den «offentlege sorga». Det har truleg styrka opplevinga av dette symbolet. Fjernsynet har også vore ein viktig kulturspreiar av denne tradisjonen. Vi har sett fjernsynbilete frå lystenning i nasjonale og internasjonale sorgmarkeringar, og frå lokale lysmarkeringar etter drap og ulukker i eit lokalmiljø, seier Aagedal.

Lys kan lindre sorg

Sorg er noko vi alle møter i løpet av livet. For dei etterlatne kan sorg fortone seg svært forskjellig. Du kan ta kontakt med ein prest eller diakon der du bur for å få hjelp til å handtere sorg.

- Eg erfarer at mange etterlatne, særleg dei fyrste månadane etter at dei har mista noken, går til grava kvar dag og tenner lys, seier rådgjevar for diakoni og samfunn i Tunsberg bispedøme, Astri Olga Tretterud.

Tretterud ser at dette handlar om at det er ein trøyst at lyset er der på grava. Etterlatne tenner lys for å minnest den døde. Lyset som brenn på grava fungerer og som eit symbol på at den døde er med i livet vidare og ikkje gløymt.

Diakon Astri Olga Tretterud

- I sorggrupper kjem det fram at mange ber eit ynskje om at det skal brenne lys på grava. Etter kvart oppsøkjer folk ikkje grava like ofte, men dei tenner lys ein gong imellom. Nokre spør naboar eller andre om å tenne lys på grava om dei sjølve er på reise. Lystenning er viktig for folk, fortel Tretterud.

Lyshav på kyrkjegardane

Ho ser at det er noko vakkert i det aukande lyshavet på kyrkjegardane.

- Mange lever med sorg og sakn. Dei finn trøyst i at lyset skin på grava.

Tretterud siterar frå salmen Midt i alt det meningsløse, skreven av Svein Ellingsen, med von om at salmen kan gje trøyst til alle som strevar med sorg og sakn.

Om vi seirer eller synker

skal vårt svake liv bli båret

gjennom liv og gjennom døden.

Gud, vi roper: Du som finnes,

finn oss, redd oss, la din nærhet

bli vårt lys i tvilens mørke.

Vil du lese meir om kva allehelgensdag er frå gamalt av? Då kan du lese denne artikkelen.

Dei fleste kyrkjer har ein form for minnemarkering allehelgensdag. Det kan vere i forbindelse med hovudgudstenesta, som ein eigen minnegudsteneste eller i form av ein kyrkjekonsert. Kontakt kyrkjekontoret der du bur for meir informasjon om lokale arrangement.