Den norske kyrkja gratulerer Nihon Hidankyō med fredsprisen

– Å seie nei til atomvåpen handlar om å verne om menneskeverdet og skaparverket, seier internasjonal direktør og preses i Den norske kyrkja i sin gratulasjon til fredsprisvinnaren.

Den norske kyrkja gratulerer Nihon Hidankyō med fredsprisen

Den norske Nobelkomité kunngjorde i dag at fredsprisen for 2024 går til Nihon Hidankyō, ein grasrotorganisasjon av overlevande etter atombombene som blei slopne over Hiroshima og Nagasaki i 1945.

Nyheita blei svært godt motteke i Den norske kyrkja. Preses Olav Fykse Tveit og internasjonal direktør Einar Tjelle er begge svært glade for prisen, og gratulerer fredsprisvinnaren.

– Dette er ein så sterk bodskap til verdas leiarar som det kan vere, seier Olav Fykse Tveit, preses for biskopane i Den norske kyrkja.

 – Kven kan seie det tydelegare enn desse vitna: No more! Aldri igjen! Bruk av atomvåpen er det mest inhumane vi menneske kan gjere mot kvarandre.

Det er andre gongen på sju år at Nobelkomiteen vel å gi prisen til ein organisasjon som jobbar mot atomvåpen. I 2017 gjekk prisen til ICAN, den internasjonale kampanjen for eit forbod mot atomvåpen, kor også Den norske kyrkja er medlem. Sidan den gongen har FN-traktaten som forbyr atomvåpen fått stadig større oppslutnad. Likevel er atomtrusselen meir aktuell enn nokon gong. Eksistensen av atomvåpen bringer eit endå større alvor inn over pågåande krigar der atommakter er involverte.

– Å seie nei til atomvåpen handlar om å verne om menneskeverdet og skaparverket, seier Einar Tjelle, internasjonal direktør i Den norske kyrkja.

– Atomvåpen er eit masseøydeleggingsvåpen som vil ha katastrofale humanitære konsekvensar dersom dei blir brukt. Derfor har den økumeniske rørsla vore ein pådrivar for kampen mot desse våpena i mange tiår.

Olav Fykse Tveit understrekar at det å bygge opp atomvåpenlager og spreiing av slike våpen aukar faren for at dei blir brukt.

– Vi ber til Gud om at verdas leiarar tar det ansvaret dei har for å sikre at slike våpen aldri blir brukt. Og at dei ikkje skal truge med å bruke slike våpen, avsluttar Tveit.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"