Denne helsinga blei gitt i Oslo domkyrkje på Kvenfolkets dag 16. mars 2025
Kjære alle som feirar Kvenfolkets dag 16. mars 2025!
Jumalan rauha – Guds fred – er det eg ønskjer dykk alle i dag på Kvenfolkets dag!
Guds fred er ei gåve som vi menneske treng for å kunne leve godt saman. I ei verd prega av aukande uro og konflikt, må vi halde fast på at Guds fred og kjærleik er sterkare enn alle vonde krefter.
Jesus har lært oss å be «Gje oss i dag vårt daglege brød». I vår lutherske katekisme, vert «det daglege brød» forklart som alt det Gud gir oss for livet vårt, og for at vi skal leve eit godt liv med kvarandre. Difor er «fred og godt styre» og «gode grannar og vener og meir slikt» nemnt direkte. Kvar gong vi ber denne bøna, ber vi difor at vi skal få leve i eit land med rettferd, og at vi skal få leve saman lokalt og nasjonalt som gode naboar og vener.
På ein dag når vi minnest uretten som kvener og norskfinner har blitt utsette for av den norske staten og av kyrkja, må vi løfte fram at Guds vilje med oss menneska er fred og rettferd. Guds fred er ei gåve vi ber om, og difor også ei oppgåve. Vi er kalla til å sjå og ta eit oppgjer med urett, både uretten i vårt eige land og i verda.
Kyrkja er eit fellesskap av menneske Gud har kalla saman gjennom evangeliet og dåpen: For å takke og love Gud, og for å tene kvarandre i fellesskap som del av Guds underfulle skaparverk. Gud har gitt oss livets gåve, frelsa i Jesus Kristus, og det mangfaldige fellesskapet i kyrkja ved Den Heilage Ande. Gud har gitt oss sin fred for at vi kan vere dei som skaper fred.
Når vi ønskjer kvarandre Jumalan rauha – Guds fred – i kyrkja, er det derfor meir enn ei helsing. Det er eit teikn på at vi ønskjer å vere samen, og gjere det mogeleg å leve saman i fred, i gjensidig respekt og anerkjenning av kvarandre.
Sannings- og forsoningskommisjonens rapport dokumenterte at Den norske kyrkja har vore aktiv i arbeidet med fornorskinga som ramma kvener og norskfinner i Noreg. Kvensk språkbruk, musikk og kultur vart gjort usynleg og fortrengt, og mange kvenske medborgarar vart mistenkeleggjort. Dette har skapt sår, som vi må ta på alvor i vårt kyrkjelege fellesskap.
Feiring av Kvenfolkets dag i kyrkjene våre er ei påminning om ansvaret vårt for å erkjenne og gjenopprette den uretten som kvener og norskfinnar har vore utsette for. Det er også eit høve til å gi rom for og glede seg over at kvenske kulturelle og åndelege tradisjonar er ein del av mangfaldet i vårt fellesskap.
Når vi helser kvarandre med Guds fred og ber om det daglege brød med fred og rettferd, uttrykkjer vi difor vårt håp om forsoning og fred. Difor arbeider både Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet no med å finne former for styrke kvensk og norskfinsk kyrkjeliv. Markeringa av Kvenfolkets dag i kyrkjelydane er et teikn på at kvensk høyrer til i kyrkja vår, og om rikdomen og verdien i kvenske salmar og liturgiar.
På denne dagen ber vi difor Gud om klokskap og vilje til å finne nye vegar framover saman. Vi ber om Jumalan rauha i tillit til Guds forvandlande nåde.
Måtte Gud velsigne alle kvener og norskfinner i Noreg!