Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit reagerer sterkt på demonstrasjonen som føregjekk utanfor synagogen i Oslo under Jom Kippur-feiringa måndag.
For få år sidan gjennomførte den nynazistiske organisasjonen sine aksjonar om natta i dekke av mørket. No stod dei på open gate i fullt dagslys utanfor synagogen og demonstrerte.
– Alle må fordømma dette, sier Fykse Tveit. – Det fell ikkje berre på oss som religiøse samarbeidspartnarar, men heile det norske samfunnet å vera krystallklare på dette.
Demonstrantane som stod på stand utanfor synagogen i Oslo hevda å demonstrere mot omskjering og kosher-slakt ved å dele ut flygeblad, som ein del av det Jerusalem Post omtalar som ein internasjonal aksjon.
Uttrykkjer støtte til Det Mosaiske Trossamfund
Fykse Tveit og internasjonal direktør i Kyrkjerådet Berit Hagen Agøy har båe vore i kontakt med leiinga ved synagogen for å uttrykkje sin reaksjon etter hendinga måndag. Dei forsikrar om at Den norske kyrkja står saman med Det Mosaiske Trossamfund i kampen mot antisemittisme og jødehat.
– Dette gjer oss sinte og uendeleg triste, for dette skal dei sleppe å oppleve, seier Berit Hagen Agøy. – Det vekkjer minne om tider vi skulle ønske for alltid var fortid.
– At nynazistar bruker ein jødisk høgtidsdag til slikt, er avskyeleg, seier Fykse Tveit. – At dei speler på minner om tidlegare tragedier, gjer det ekstra ille.