«Et samfunn med legal adgang til abort er et bedre samfunn enn et samfunn uten slik adgang».
Det uttalte biskopane i Den norske kyrkja i 2019. Samtidig meiner biskopane at grensa for sjølvbestemt abort bør vere som i dag.
Stortinget skal vedta ny abortlov i desember.
I februar sendte biskopane i Den norske kyrkja inn høyringssvar om ny abortlov. Dei er kritiske til forslaget om å utvide retten til sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18.
– Forslaget reflekterer ikkje tilstrekkeleg den aukande graden av den moralske statusen og rettsvernet som fosteret får gjennom svangerskapet, sa biskop i Møre, Ingeborg Midttømme i februar.
Les Bispemøtet sitt høyringssvar her.
Deltok på høyring
Biskop Ingeborg Midttømme deltok også på høyring i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, då dei handsama lovforslaget i oktober.
– Eit felles mål for samfunnet må vere at vi har så få aborter som mogeleg, at vi er gode på å førebygge uønska svangerskap og med omsyn til kvinna, at abortar skjer så tidleg som mogeleg, sa Møre-biskopen, og la til:
– Den kristne og humanistiske forståainga av menenskeverdet er grunnleggjande. Det er ein grunnlovsfesta verdi.
Sjå opptak av innlegget i høyringa her.
Har signert opprop
No har fleire av biskopane signert oppropet på abortgrensen.no. Så langt har over 40 000 signert at dei ikkje ynskjer å utvide grensa.