Livsteiknet - eit hefte om dåpen

Dåpen står heilt sentral i vår kyrkje si liv og lære. Samstundes er dåpen ikkje lenger like sjølvsagt. Det er ei utfordring til alle oss som jobbar og har virke vårt i kyrkja. I kyrkja ønskjer vi å bli betre på å snakke med foreldre, ungdom og andre om dåpen.

Her blir Bjarte døypt i Saltdal kyrkje. (Foto: Frida Bringslimark)

Bispemøtet fekk tidleg i 2019 ein førespurnad frå Kyrkjerådet om å utarbeide materiale om dåpen til kyrkjelydane. Biskopane vart samde om å utarbeide ein kort tekst til opplesing i ei gudsteneste, og eit noko lengre ressurshefte for felles samtale og refleksjon blant kyrkjelege tilsette, sokneråd og frivillige.

Dåpsgåva vart sendt ut og lese opp i mange kyrkjer 2. søndag etter Kristi openberringsdag, 12. januar 2020. Ho vart først presentert på Trosopplæringskonferansen hausten 2019, og trykt i Dåpsløftet, som vart delt ut til konferansedeltakarane.

Livsteiknet - eit hefte om dåpen, vart fastsett av Bispemøtet 10. - 14. februar 2020.  

Med dette heftet ønskjer biskopane å stimulere til fornya refleksjon om dåpen.  «I dåpen har ein kristen nok å lære og øve på for eit heilt liv» står det i Luthers store katekisme. I så måte gir dette lille heftet eit bidrag inn i det. Kvart kapittel blir avslutta med nokre utvalde spørsmål som kan bli brukt som ein hjelp til refleksjonsarbeidet. Dette kan bli gjort av den einskilde som ei personleg fordjuping eller i fellesskap med andre som ledd i ein større samtale i til dømes prostilag, pedagogiske team og sokneråd.

Link til heftet finn de nedst på sida. 

Under finn de òg lenke til ein samtale mellom konstituert preses Atle Sommerfeldt og Kristine Aksøy, leiar av Kyrkjerådets seksjon for barn, unge og trosopplæring. Dei to pratar om dåpen, om det nye heftet og korleis vi kan gjere dåp til eit felles ansvar for alle tilsette og frivillige i kyrkjelyden. Samtalen blir leia av Siv Thompson, kommunikasjonsrådgjevar i Kyrkjerådet.

Med ynskje om god lesing og meiningsfull fordjuping.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"