Desse vil bli direktør i Kyrkjerådet

Det har kome inn ti søknadar til stillinga som kyrkjerådsdirektør. Kven som får stillinga vert avgjort på Kyrkjerådet sitt møte i mai.

Kirkerådets direktør har kontorsted Kirkens hus i Oslo sentrum. Foto: Den norske kirke.

Åremålet til noverande direktør Ingrid Vad Nilsen, går ut 31. juli 2024. Då har ho vore kyrkjerådsdirektør i seks år.

Kyrkjerådet leier Den norske kyrkja på nasjonalt nivå, og direktøren er den øvste administrative leiaren i Den norske kyrkja – og har dermed eit heilskapleg ansvar for trussamfunnet.

Søknadsfristen for stillinga var 15. april, og det kom inn ti søknadar.

– Kyrkjerådsdirektøren har ei viktig rolle i Den norske kyrkja, og eg ser fram til den vidare prosessen med tilsetjing, seier leiar i Kyrkjerådet Harald Hegstad.

Offentleg søkarliste til stilling som direktør i Kyrkjerådet:

  • Eigil Morvik, stiftsdirektør, Heggedal (58)
  • Ingelin Noresjø, daglig leder, Kolbotn (48)
  • Kjetil Haga, kirkeverge, Dilling (56)
  • Unntatt offentlighet
  • Unntatt offentlighet
  • Unntatt offentlighet
  • Stephen Sirris, prodekan/professor II, Røyken (46)
  • Unntatt offentlighet
  • Terje Baugerød, kantor/organist, Langhus (59) 
  • Søknad trukket

Totalt ti søkjarar, fire kvinner og seks menn. 

Kyrkjerådet skal tilsetje direktør på sitt første møte, 23.–25. mai 2024.

Kyrkjerådet førebur sakene som skal saker som Kyrkjemøtet skal handsame og følgjer opp vedtaka. Direktøren har personalansvar for Kyrkjerådssekretariatet og arbeidsgjevaransvar for rettssubjektet Den norske kirke. Kyrkjerådet vart oppretta i 1970, og den nye direktøren vert den åttande direktøren i rekka.

Sjå søkarlista i pdf her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"