Kristenrett i tusen år

Denne veka vert kristenretten feira tusen år, på Moster. Professor Jørn Øyrehagen Sunde er ein av dei fremste ekspertane i landet på kristenretten og landslova. Her kan du sjå ein halvtime med Øyrehagen Sunde der han dreg linjene mellom kristenretten i 1024, landslova av 1274 og tida vi lever i.

Jørn Øyrehagen Sunde vitja Kyrkjemøtet i april 2024. Foto: Den norske kyrkja.

Jørn Øyrehagen Sunde er norsk jurist og rettshistorikar. Han er professor i rettshistorie ved Universitet i Oslo. I april vitja han Kyrkjemøtet som var samla i Trondheim.

På kyrkjemøtet heldt han ein halvtime foredrag der han drog linjene frå kristneretten i 1024, landslova i 1274 og tida vi lever i.

Det er tusen år sidan kristenretten vart innført i Noreg. Jubileet minner oss om å feire framstega som kirstenretten har ført til, og til å reflektere korleis vi vil forme landet vidare. Då kristenretten vart innført vart det mellom anna slutt på at mektige menn kunne gjere det dei ville – kvinner og fattige fekk nye rettar. Alle skulle gravleggjast på same kyrkjegarden. 

Sjå foredraget her: 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"