Invitasjon til å lage liturgisk musikk

Er du den som skal komponere den nye liturgiske musikken i rytmisk tradisjon? Les meir om Kyrkjerådets ønsker under.

Kyrkjerådet ønsker å kome i kontakt med låtskrivarar og komponistar som vil skrive liturgisk musikk til leddet Gloria – Lovsong og Sanctus – Heilag, og som vil sende inn forslag til musikk til eitt eller begge ledd, innan 8. mai. Forslaga vert vurdert av Liturgisk musikkutval i Kyrkjerådet.

Kyrkjerådet ønsker ein heilskapleg serie i rytmisk tradisjon, Allmenn hovudserie 2, til bruk i gudstenester i kyrkjelydar over heile landet. Vi har allereie musikk til Kyrie og Agnus Dei i denne serien, og oppmodar no låtskrivarar og komponistar til å sende inn forslag til nytt Gloria og Sanctus.

Musikken til Sanctus - Heilag bør eigne seg godt saman med den liturgiske musikken til dei ledda vi allereie har i Allmenn 2: Kyrie – Bønerop (musikk av Mari Tesdal Hinze) og Agnus Dei – Du Guds Lam (musikk av Tore W. Aas). For å få tilsendt notar til det allereie eksisterande materialet i Allmenn 2, ta kontakt med rådgjevar for kyrkjemusikk i Kyrkjerådet, Hildegunn Opstad Smørgrav. Ho treff du på e-post hs484@kyrkja.no.

Vi ber om at forslag til liturgisk musikk for Gloria – Lovsong og Sanctus – Heilag vert sendt til den same e-postadressa innan fristen, som er sett til måndag 8. mai 2017, innan kl. 10.