Klokkene ringer for fred

Søndag klokka 13 ringer kyrkjeklokkene for fred. Dette er ein sjeldan markering som nyttast berre i spesielle høve. I ei ny uttale frå biskopane, gjentar Den norske kyrkja fordømminga av angrepet på Ukraina.

Foto: Joakim Birkeland

Bispemøtet i Den norske kyrkja har følgande uttale:

Klokkene ringer for fred

Når kyrkjeklokker rundt omkring i landet ringer litt ekstra på sundag klokka eitt, i sju minutt, er det svært uvanleg. No er det ei så alvorleg krise at det er tid for å bruke eit spesielt verkemiddel. Klokkene ringer for fred. Kyrkja si oppgåve er alltid å kalle til fred, forsoning og rettferd, slik vi har lært av Jesu ord og eksempel.

Vi er sjokkerte og opprørde over krigshandlingane i Ukraina, og det vert verre dag for dag. Menneske flyktar frå hus og heim for å berge livet, det gjeld særleg kvinner, barn og eldre menneske. Det er forferdeleg å sjå alt som vert øydelagt, både menneskeliv, relasjonar og materielle verdiar.

Vi fordømmer angrepet på Ukraina. Vi protesterer mot den russiske krigsmakta som invaderte nabolandet og sette i gong ein brutal krig, i strid med internasjonal rett og grunnleggjande menneskerettar.  Den russiske presidenten har ansvaret for å ha starta krigen, og må ta ansvar for å avslutta den. Men alle som har makt og myndigheit, i alle land, må gjere sitt ytste no, slik at krigshandlingane stansar og ikkje spreier seg og eskalerer enno meir.

Klokkene ringer for fred for oss alle, i Europa og i verda.

No er det tid for å vise omsorg og solidaritet med alle som er ramma av krigshandlingane. Millionar er på flukt frå dei brutale øydeleggingane av krigen. Mange av dei er alt komne, eller vil kome, hit til landet vårt.

Kyrkja er til stades i alle lokalsamfunn, og vi har frivillige og tilsette som no vil yte ein innsats for å ta imot flyktningane. Vi minner om at det er styresmaktene som har ansvar for mottak og integrering av flyktningar, men dei treng sivilsamfunnet si medverknad. Den lokale kyrkja bør difor ta kontakt med kommunen og seie i frå om kva ho kan tilby i lokalsamfunnet.

Sokna har kyrkjer og andre bygg som kan samle menneske til bøn og lystenning, men og til samtalar, måltid og leik for borna. Flyktningborn og unge treng ein fristad frå redsle og sakn. Kyrkja har hender å halde i for dei som er redde. Fleire stader kan det også vere aktuelt å tilby våre nye trussysken å låne kyrkjelege lokale til sine gudstenester og bøner. Kyrkja skal ta vel i mot flyktningane i våre lokalmiljø og nabolag, våre hus og våre fellesskap. Dette krev noko av oss, på kort og lang sikt. Vi må både lindre akutt naud og vere uthaldande i vår omsorg og støtte.

Vi må vere tydelege på at vi er ikkje imot det russiske folket, og vi er ikkje imot russarar som bur og arbeider i Noreg. Trakassering og utestenging av vanlege russarar er totalt uakseptabelt. Vi skal leve saman som gode medmenneske og naboar.

Vi gler oss over eit stort engasjement blant alle i Noreg som vil hjelpe Ukraina. Den økonomiske støtta bør kanaliserast gjennom etablerte humanitære organisasjonar, slik som Kirkens Nødhjelp. Då er ein sikker på at hjelpa når fram og at den handterast på ein forsvarleg måte. Fasteaksjonen i år vil også formidle støtte til Ukraina, og vi oppmodar alle sokn og enkeltpersonar til å gi eit raust bidrag.

Fastetida vi er inne i, kallar oss til å be og arbeide for andre sitt ve og vel. No gjeld det nokon som kjem oss svært nær.

Kyrie Eleison – Herre, miskunna deg!

 

Bispemøtet i Den norske kyrkja
12.mars 2022

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"