Medansvar for førebygging av sjølvmord

– Førebygging av sjølvmord er alle sitt ansvar, også kyrkja, meiner Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth.

Tunsbergbiskop Jan Otto Myrseth meiner Den norske kyrkja har eit ansvar i å førebygge sjølvmord. Foto: Den norske kyrkja.

Den 10. september er verdsdagen for førebygging av sjølvmord. I 2023 tok 693 menneske sitt eige liv i Noreg. Det er 70 fleire enn året før.

– Gjennom livet og ei lang presteteneste har eg fleire gonger stått nært innpå sjølvmord. Smerten, einsemda og spørsmåla i etterkant berører sterkt.

Det seier Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg bispedøme. 

– Vi har ingen å miste.

Har bidrege til skam

Tunsbergbiskopen erkjenner at Den norske kyrkja tidlegare har bidrege til skam og tabu rundt sjølvmord, sjølv om det ikkje er slik lenger no:

– I tidlegare tider har kyrkja vore med på å oppretthalde stigma og tabu rundt psykisk helse og sjølvmord. Her har vi endra oss.

Bispemøtet vedtok tidligare i år at dei ønska å ta del i arbeidet med å førebygge sjølvmord, endre haldningar og redusere stigma knytt til sjølvmord. Les protokollen frå møtet her.

Lågterskeltilbod

Kyrkja har eit lågterskeltilbod for alle. Her kan ein også snakke om ein har sjølvmordstankar. 

– Våre prestar og diakonar har lang erfaring å ta del i menneske sine livsforteljingar, og har språk for eksistensiell liding. Det er kyrkjetilsette i lokale kyrkjer, på studiestadar, sjukehus, fengsel og på sjukeheimar. 

Myrseth understrekar at alle skal bli møtt med respekt og likeverd i kyrkja. Både dei som står i ei krise og dei som er pårørande. 

– Eg er glad for at Den norske kyrkja jobbar strategisk med å styrke vårt eige sjølvmordsførebyggjande arbeid. Vi skal aktivt vere med å bidra til å endre haldningar til sjølvmord. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"