Nedbemannings-prosess er i gang

Administrasjonen i Den norske kyrkja skal ned minst 65 årsverk. 35 av desse vert kutta i Kyrkjerådet sin administrasjon og 30 ved bispedømekontora.

Nedbemannings-prosess er i gang

Direktør i Kyrkjerådet, Ole Edvard Wold-Reitan, fekk i desember i oppdrag å gjennomføre nedbemanning av minst 65 administrative årsverk i Den norske kyrkja.

Tysdag 14. januar vart dei tilsette informert om fordelinga mellom Kyrkjerådssekretariatet og bispedømekontora, og fekk sjå korleis organisasjonskartet vil sjå ut framover.

– Ei nedbemanning smertar, både sosialt og fagleg for alle som er tilsett og oss i leiinga, men også for lokalkyrkja, seier Wold-Reitan.

I desember vart nedbemanningsprosessen av kyrkjeadministrasjonen vedteken. Bakgrunnen er ein krevjande økonomisk situasjon. I møte med høge pensjonskostnader og underskot dei siste åra, er det behov for tiltak som gjev varig effekt.

Fordeling av 65 færre

Stillingskuttet er fordelt slik at det vert 35 færre stillingar i den nasjonale administrasjonen i Kyrkjerådet og 30 færre stillingar på dei 11 bispedømekontora.

Etter ein fordelingsnøkkel varierer dette mellom 2 og 4 færre stillingar per bispedømekontor, unnateke Borg som allereie har eit lågt tal stillingar, og dermed må kutte på andre områder.

Wold-Reitan forklarer at administrasjonen si oppgåve er å støtte lokalkyrkja:

– Det vil truleg bli mindre utvikling av eigne ressursar og meir samarbeid med eksterne. Og når nye løysingar eller materiell skal utviklast, må det vere fordi det kan gje ein enklare arbeidskvardag i lokalkyrkja.

Må prioritere tydelegare

Direktøren understrekar at nedbemanning i administrasjonen betyr at det er oppgåver ein skal slutte med, og at det vil vere behov for tydelegare prioriteringar.

– Trongare økonomi og slankare kyrkjeadministrasjon får konsekvensar for kor mange saker, strategiar, planar og tiltak vi kan setje ut i live på same tid.

Direktøren takkar for dialogen med dei tillitsvalde undervegs, både på nasjonalt og regionalt nivå.

I den vidare prosessen er det kompetansekartlegging av tilsette og innplassering i nye stillingar. Prosessen er planlagt å vere ferdig i løpet av februar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"