NRK-gudstjenester frå nye kyrkjer

Radiooverførte gudstenester er ein snart 100 år gammal tradisjon i Norge. Frå hausten 2022 har radiogudstenestene også blitt sendt på TV. Dette gjer NRK ved å fjernstyre kamera som står fast installert i seks kyrkjer rundt om i landet.

Ulstein kyrkje. (Foto: NRK)

I sommar har NRK hatt ein pause med gudstenester på TV, men snart startar dei opp igjen.

Den første blir eit opptak frå ei gudsteneste som blei halden på Dansefestivalen på Sel i Gudbrandsdalen. Den sendes søndag 27. august.

Frå søndag 3. september er kanalen i gang igjen med direktesende gudstenester frå dei faste kyrkjene.

Og no skiftar NRK ut nokre av dei som har vore med tidlegare, så i løpet av hausten kjem tre nye kyrkjer med på laget.

Dei nye kyrkjene er:

  • Arna kyrkje i Bergen (som har si første NRK-gudsteneste 3. september)
  • Ulstein kyrkje i Ulsteinvik (har si første NRK-gudsteneste 5. november)
  • Bodø domkyrkje (har si første NRK-gudsteneste 19. november)

Lura kyrkje i Sandnes, Jessheim kyrkje i Ullensaker og Filadelfiakirken Drammen blir også med i haust og vinter.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"