Ny biskop for prester i Forsvaret

Preses i Bispemøtet skal ha tilsyn med prester som er tilsett i Forsvaret. Tidlegare har Oslo biskop hatt dette tilsynet.

Preses i Bispemøtet skal ha tilsyn med prester som er tilsett i Forsvaret. Foto: Hans Jakob Heimvoll

– Prestane som jobbar i Forsvaret har ei viktig rolle både i konfliktsituasjonar og i fredstid. Dei bidreg med seremoniar og legg til rette for samlinger og fellesskap på vegne av kyrkja. Tilbodet om samtalar er viktig for alle som gjer teneste i Forsvaret for landet. 

Det seier preses Olav Fykse Tveit, som frå 1. april har tilsynsansvar med feltprestar i Forsvaret.

Den norske kyrkja ynskjer å styrkje si rolle i totalberedskapen i samfunnet, inkludert totalforsvaret. Med bakgrunn i dette, vedtok Bispemøtet i februar at preses skal ha tilsyn for prestar som er tilsett i Forsvarets tros- og livssynskorps.

Fra venstre: Preses Olav Fykse Tveit, garnisonsprest i Oslo Trygve Tyreid, Brigader og sjef i Forsvarets tros- og livssynskorps Knut Espen Høidal, sjef for faginstitutt i FTLK Nils Terje Lunde, Oslo biskop Kari Veiteberg og sekretær for Bispemøtet Elise Sandnes. Foto: Hans Jakob Heimvoll

Fra venstre: Preses Olav Fykse Tveit, garnisonsprest i Oslo Trygve Tyreid, Brigader og sjef i Forsvarets tros- og livssynskorps Knut Espen Høidal, sjef for faginstitutt i FTLK Nils Terje Lunde, Oslo biskop Kari Veiteberg og sekretær for Bispemøtet Elise Sandnes. Foto: Hans Jakob Heimvoll

– Vi skal vere der for alle som gjer teneste

Tidlegare var det biskopen i Oslo som hadde tilsynsansvar for dei 37 prestane som er tilsett i Forsvaret. Noverande biskop, Kari Veiteberg, peiker på kor viktig det er å ivareta norske soldatar og deira ulike livssyn, både i utland og innland.

– I mi tid som biskop, har vi fått eit trus- og livssynskorps. Tidleg vart det tilsett ein imam og to humanistar. Det er viktig å ta på alvor at soldatar har ei tru og eit livssyn, seier ho.

Avtalen om overføring av tilsyn vart formelt underteikna 2. april. Brigader, og sjef for Forsvarets tros- og livssynskorps Knut Espen Høidal, var til stades for å skrive under.

– Det er viktig for forsvaret sin identitet at vi representerer dei ulike tros- og livssynssamfunna i dette som er statens skarpaste vaktmiddel. Vi skal vere der for alle som gjer teneste, seier han.

Eit viktig oppdrag

Fykse Tveit fortel at han gler seg til å ta fatt på sine nye oppgåver som tilsynsperson.

– Dette er ei avgjerd som bispemøtet har fatta fordi ein ynskjer å stadfeste rolla feltprestar har på vegne av Den norske kyrkja, og at dette er ei nasjonalt ordna teneste. Det å vere ei støtte for menneske med heilt spesielle, kritiske roller i krig og kriser, er eit viktig oppdrag, seier han. 

– Dette er viktige oppgåver å ta fatt i, og det ligg eit stort alvor i å stadfeste at dette er ei kyrkjeleg teneste vi fører tilsyn med, støttar og oppmuntrar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"