Ny preses i Bispemøtet: - Vi har mykje å gjere og vi har mykje å bidra med

Kyrkjerådet har tilsett generalsekretæren i Kyrkjenes verdsråd, prest og dr. theol. Olav Fykse Tveit (59) som ny preses i Bispemøtet.

Bispemøtets nye preses, Olav Fykse Tveit. (Foto: Albin Hillert/Kirkenes Verdensråd)

– Ein biskop skal både lytte til dei andre og samle og foreine mangfaldet i kyrkja om vår felles tru. Som preses er det eit særleg ansvar å vere representativ for heile kyrkja og samstundes vere profilert. Det kan stundom bety at det er viktigare at ein formidlar bodskapen på ein god måte enn å dominere debatten og få det siste ordet, meiner den nytilsette biskopen.

Blant dei 12 biskopane er preses «fremst blant likestilde» (primus inter pares). Han eller ho er leiar av Bispemøtet og har i tillegg Nidaros domprosti som sitt tilsynsområde.
Preses har Nidarosdomen som domkyrkje saman med Nidaros biskop.

– Eg ser fram til å knyte kontaktar igjen til Trøndelag der eg hadde ein viktig del av min oppvekst, seier Fykse Tveit.

Ansvar for å lytte til mange
Olav Fykse Tveit held fram at han likar å formidle og arbeider engasjert med korleis evangeliet skal nå betre fram.

– Ut frå det som er gitt oss i vår tru på den oppstadne Kristus, har vi mykje å bidra med. Det er mykje som står på spel. Vi har mykje å gjere, seier han.

– Eg er oppteken av å få gjort noko nyttig og gjerne noko nytt. Eg er difor også nokså nysgjerrig, eg vil gjerne forstå meir for å kunne handle betre. Eg ønskjer å formidle evangeliets frigjerande kraft, håp og trøyst, og kva trua på Kristus inneber som rettleiing for korleis vi lever saman som èin menneskeleg familie i Guds eine skaparverk i dag og i morgon, seier Bispemøtets nye preses.

Etter 10 år som øvste leiar for den største internasjonale kyrkjelege samarbeidsorganisasjonen, Kyrkjenes verdsråd, vender Olav Fykse Tveit heim igjen. Han tek i april over rolla som preses i Bispemøtet, også kalla «leiande biskop», etter at Helga Haugland Byfuglien nyleg gjekk av for aldersgrensa.

– Noko av det eg har likt best med den leiaroppgåva eg har hatt dei siste åra, er at eg har hatt ansvar for å lytte til mange, og prøve å inkludere ulike bidrag frå alle medarbeidarar og arbeidslag. Eg har lært at ein får bruk for alt ein har lært, og at ein skal bruke alt ein har lært. Det fordrar at ein som leiar også er open for å lære meir, seier Olav Fykse Tveit.

Biskopane samla om å peike på Fykse Tveit
Då Bispemøtet i oktober i fjor skulle nominerte kandidatar til preses-stillinga, kom dei berre opp med eitt namn: Olav Fykse Tveit.

I grunngjevinga for sin nominasjon skreiv biskopane:
- Olav Fykse Tveit har ein ekstraordinær kompetanse og erfaring som gjer han svært godt egna for stillinga som preses.
- Olav Fykse Tveit har gjennom si teneste vunne stor tillit og gitt betydelege bidrag til einskapen i kyrkja og samhandling på tvers av kontinent og trosretningar.  

Kyrkjenes verdsråd (KV) har 350 kyrkjesamfunn frå 110 land som medlemer. Desse kyrkjene representerar meir enn 500 millionar kristne. Tiåret som leiar i KV har gjeve Fykse Tveit brei kunnskap om livet i kyrkjer verda rundt.

Vil ha oppgåve-orientert kyrkje
– Eg har sett mange måtar å vere kyrkje på og korleis kyrkja på ulikt vis kan bety noko for folk. Dette trur eg er nyttig for Bispemøtet sitt arbeid med å utvikle og utøve åndeleg og pastoralt leiarskap i kyrkja. Mi breie økumeniske og internasjonale erfaring trur eg er ein god ballast når vi skal anerkjenne og utvikle mangfaldet i Den norske kyrkja, og i forholdet til eit stort mangfald i det norske samfunnet, seier han.

Han ønskjer seg ei kyrkje som er oppgåve-orientert:

– Det er dei vi skal tene som må vere hovudsaka. Vi må ikkje bli for sjølvopptekne som institusjonar, organisasjonar og personar. Å ha fokus på oppdraget er ikkje minst ei utfordring no når Den norske kyrkja går gjennom store endringar. Det er endringar i korleis vi ordnar og styrer kyrkja, i medlemene sitt forhold til kyrkja, og i kyrkja si rolle i det norske samfunnet.  

Tidlegare har Olav Fykse Tveit mellom anna vore sokneprest, og teologisk konsulent og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja. Han har teologisk doktorgrad.

Sjølv etter 10 år med utlandsoppdrag er han godt orientert om kva som skjer i samfunnet og i kyrkja i Noreg. Han kjenner godt til debatten om kvifor kyrkja tek del i politisk debatt. Fykse Tveit ønskjer å ha fokus på kva som står på spel når det gjeld felles verdiar og felles ansvar i samfunnet.

Kyrkja må bli sett og høyrt
– Kyrkjas «profetiske rolle» blir ofte diskutert i den økumenisk fellesskapen. Eg meiner det handlar om å vere ei tydeleg røyst, og å vere både kritisk og konstruktiv.

– Kyrkja er med sin bodskap og som offentleg aktør ein del av meiningsdanning og meiningsbryting i samfunnet. Eg vil gjerne prøve å fylle rolla som preses ved å bidra til at Den norske kyrkja blir sett og høyrt, og at det kjem gode og saklege bidrag frå kyrkja i det offentlege rom.

Under Kyrkjemøtet i Trondheim skal det søndag 26. april vere vigslingsgudsteneste i Nidarosdomen. Då blir Olav Fykse Tveit vigsla til sin nye leiarstilling i Den norske kyrkja.

Olav Fykse Tveit er gift og har tre barn og fire barnebarn.



Kontaktperson:
Kommunikasjonsdirektør i Kyrkjerådet, Ingeborg Dybvig - tlf.: 23 08 12 05 / 474 81 606 - epost: id933@kirken.no 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"