Olsok-preika til preses

Mandag 29. juli ble Olavsfest opna. Preses Olav Fykse Tveit heldt preike i olsokhøgmessa frå Nidarosdomen. Du kan lese heile preika her.

Olav Fykse Tveit, preses i Bispemøtet. (Arkivbilde: Den norske kyrkja)

Tekst: Evangeliet etter Lukas, kapittel 9, versa 23-26.

Velsigna olsok!

Det gjeld å velge det beste. Det er kjærleiken som er sterkare enn døden. Det er også djupast sett grunnen til at vi feirar olsok.

Olsokfeiringa den 29.juli kvart år er ei markering av kong Olav Haraldssons død på Stiklestad i 1030. Det er dagen då ein av dei sterkaste kongane i vår tidlege historie, med store planar og innsats for å samle Noreg, tapte og døydde.

Slik sett er det eit paradoks at akkurat den dagen vart så viktig sidan, for eksempel i gjenoppbygginga av nasjonen Noreg på 18- og ikkje minst fram mot 1930. Likeeins kan det verke sjælvmotseiande at vi i år har temaet «makt» for årets Olavsfest.

For oss er det litt uvanleg å feire dødsdagar. Og godt er det. Vi minnest også dei døde mykje heller på deira fødselsdag. For Olav Haraldsson veit vi faktisk ikkje fødselsdagen, difor heiter det i leksikonet at han var fødd «ca 993 på Ringerike».

Når det likevel skjer med Olav Haraldsson, er det ikkje minst på grunn av det som skjedde etter hans død. Året etter, den 3. august, vart han her, i nærleiken av der vi er no, kåra til helgen av biskop Grimkjell. Det vart vist til dei underlege ting som skjedde med hans døde kropp. Og folket aksepterte han som helgen, heiter det i Snorre.

Førebiletet for dette fann ein i evangelia om Jesus Kristus, som også tapte og døydde, men som vart reist opp att frå dei døde, og ei heilt ny epoke i verdshistoria starta. Dei orda vi har lest frå Lukasevangeliet kan vere prega av at dei er skrive etter at det skjedde. Martyriet kunne vere eit teikn på ein sann disippel av Jesus. Å følge Jesus og hans eksempel kan koste mykje.

Det er likevel ikkje døden vi feirar. Det heller ikkje martyrdøden vi feirar, i og for seg. Døden er ein del av livet. Men den brå, forvalda død av andre, er aldri noko å feire. Heller ikkje den død som skjer i det som kan vere for ei god sak eller i ein rettferdig forsvarskrig.

Vi høyrer kvar dag om så mange som er døde på grunn av krigshandlingar og terror fleire stader i verda nett no, at vi skal vakte oss vel for å forherlige døden. Kanskje er faren likevel endå større no for at vi høyrer vi så mykje om tal på drepte at vi nesten ikkje reagerer lenger.

-

Det er eit alvor i Jesu ord som høyrer livet til. Det kan vere noko av så stor verdi at det var verdt å dø for. Slik det var i Jesu eige liv som eit førebilete for andre. Det er likevel ikkje det å dø som er målet eller poenget, men det er å velge rett. Det er å velge det som verkeleg er verdifullt, ja så viktig at det er verdt å satse alt, om nødvendig.

Det peikar på at biskop Grimkjell kunne vise til ein samanheng mellom det som skjedde etter og før kongens død.

Tida går mot tusenårsmarkeringa for Heilag-Olavs død, i 2030. Vi førebur oss på ulike vis gjennom årlege markeringar. I år markerer vi noko som får fram nettopp den samanhengen. Vi feirar at Olav Haraldsson kalte leiarane i Noreg til ei samling på Moster. Det er ei lita øy, men veldig strategisk for ei slik samling der ho ligg mellom det som er Stavanger og Bergen i dag. Der ville kongen slå fast ei ny rettsordning som skulle samle og gjelde alle.

Det var heilt nye og andre verdiar denne ordninga representerer. Kristenretten bygde på kristne prinsipp som var utvikla andre stader i Europa. Den vart utfalda vidare og fekk mykje å seie for seinare lovgjeving her til lands, ikkje minst i Magnus Lagabøters landslov - som vi feirar 750 årsjubileum for også i år.

Det var nye verdiar, der retten skulle gjelde alle, og retten skulle styre også den sterke. Retten, ikkje makta, skulle vere overordna. Alle menneske vart sett som skapte i Guds bilete, og difor skulle også alle ha rettar, sjølv om dei var slave eller dei var eit uønska barn.

Kristenretten påbaud også at det skulle byggjast kyrkjer. Det var første gongen at det skulle finnast hus der alle skulle samlast under samme tak, fattig og rik, herre og slave. Og alle skulle høyre det same evangeliet om Jesus Kristus, og lære den samme bøna til vår same Far i himmelen. Den sluttar som kjent med orda: «For riket er ditt, og makta og æra, i alle æve. Amen.» Det var ei høgare makt, ein annan norm som skulle gjelde, over alle menneskelege makter og normer.

Alle skulle gravleggjast på kyrkjegardane, side om side. Då vart det, som det sto over inngangen til ein gravplass like ved der eg budde i Sveits: «Ici egalitè.» Her er det likskap. Her er alle like.

Dette feirar vi i år. Det har i sommar vore ein verdiseglas langs kysten frå Eigersund, via Moster, ange fleire andre stader, hit til Trondheim. Saman med ordførar, fylkesordførar tok eg i mot på kaien. Og det spesielle med denne seglasen var at dei som kom på land var ungdom. Dei representerte unge som har samlast på ulike stader undervegs, for å skrive verdibrev som dei overleverte til oss.

Det er klare, sterke og svært inntrykksfulle ord om kva unge menneske i Noreg i dag vil skal vere dei viktigaste verdiane vi står for saman og tar vare på. Det er nye formuleringar som vi som skal

arbeide med, vi som tok imot på vegner av Hovudkomtèen for nasjonaljubileet 2030, Den norske kyrkja og rettsmuseet her i Trondheim. Dei er verdt å lese og tenkje over for nokon kvar.

Det er mange ord som er kjende og velbrukte, men som får på sitt vis ny meining og kraft i og med at det er unge menneske som no løftar dei fram og seier kva dei må bety no: Kjærleik, solidaritet, rettferdigheit, venskap, ærlighet, ansvar - for andre og for naturen.

Dette er det verkeleg verdt å feire. Nokon av dei som har skrive dette er med oss på olsokfeiringa her i dag.

Dei knyter til dei verdiane Olav Haraldsson fremma på Moster i 1024. Og det at kyrkja og kongen saman hadde stått fram og hevda kristenretten, kan vere ein grunn til kong Olav Haraldson kunne bli hylla som Olav den Heilage – og hans død sett som eit martyrium. Hans martyrøks vart også med i det norske riksvåpenet – til denne dag.

I alle fall er det den historia med kristen tru og verdiar dette førte til i vårt land vi feirar på våre olsokgudstenester. Det er trua på at Jesu bodskap og eksempel, med Guds rettferd – og nåde - kan gi den beste retninga for samfunnet og den enkelte av oss. Vi treng både ideala og erkjenninga av at vi ikkje lever opp til dei, at vi kan lære av fortida – og kan få begynne på nytt og velge ein betre veg. Det gjeld også for kyrkja og dei som har ansvar for kva kyrkja gjer og står for. Kyrkja treng også Guds nåde for det som har skjedd i kyrkjas namn og som har vore til skade for menneske.

-

Er det eit ideal å ville stå opp for verdiar på ein slik måte at ein er villig til å gi alt for dei?

Igjen, det kan ikkje vere offeret eller døden som er målet i seg sjølv. Vi skal ikkje fremje ein dødskult. Det kan det ikkje vere i trua på Gud som livets kjelde.

Det er mykje som står på spel i vår tid, mykje av det vi ser som fundamentale verdiar for eit trygt og rettferdig samfunn. Demokratiet fordrar at grunnleggjande menneskerettar vert sett som felles norm og respekterte. Difor er det også viktig å ta ansvar i vår tid for kva slags verdiar som skal gjelde. Vi kan ikkje berre kopiere, vi må tolke og anvende dei i vår tid. Det er vårt oppgåve. For eksempel er dei ein grunnleggjande verdi for eit samfunn at alle kan meine, seie og tru på det dei vil, å respektere og ære sin eigen kultur og bakgrunn, og at ein kan elske og gifte seg med den ein vil. Det har ikkje staten – og heller ikkje kyrkja – alltid stått for.

-

Vi lever i ei tid der desse verdiane er utfordra i heile verda. Etter den andre verdskrigens totale verdikollaps bygde det internasjonale samfunnet opp svært viktige felles institusjonar i FNs regi, og vedtok normer som skulle gjelde alle nasjonar. Aldri meir Holocaust, aldri meir millionar skal bli drept i meiningslause krigar, Vart det sagt. Då trengte ein prinsipp og reglar for universelle menneskerettar. Kyrkjelege representantar var med på å skrive dei, og forplikte også kyrkjene til å arbeide for fred og rettferd i verda – ikkje bere ta ansvar for seg og sine indre saker. Difor vart også Kirkenes verdensråd etablert.

Internasjonal rett og folkerett skulle definere kva som var uakseptabelt før ein krig startar, og kva som er urett også i ein rettferdig forsvarskrig. Mange bryt desse normene i vår tid, og det er all grunn til å protestere mot det. Verda er dermed vorte farlegare for alle.

Makt er nødvendig for å styre og leie. Det er ei stor og krevjande oppgåve å bruke makt rett. Men det er viktig at nokon gjer det. Og då trengst haldningar, verdiar, normer – og kritisk diskusjon om korleis dei skal tas vare på.

Det gjorde eit spesielt inntrykk på meg då eg høyrte at eitt av verdibreva eg nemnde var skrive av vernepliktige soldatar. Det er dessverre meir nødvendig enn vi likar at vi har eit sterkt Forsvar som kan forsvare landet vårt og dei verdiane vi set høgt som fellesskap. Dei som gjer teneste i Forsvaret har eit stort ansvar for at vi gjer det i samsvar med dei verdiane vi vil forsvare. Men dei tar også på deg ei svært stor forventning frå fellesskapet, nemleg å stå opp for det vi vil verne, om nødvendig med livet som innsats. Det passar seg at vi i 2024 viser at vi er takksame for det når vi no feirer olsok.

Det er ingen grunn til å forherlige døden, heller ikkje martyrdøden. Men vi skal spørre – og svare – på kva som er så viktig at vi ikkje må miste i våre sjølvopptatte haldningar. Då kan vi nemleg miste oss sjølve også og gå til grunne. Om vi er aldri så rike og sterke, vellukka eller flinke.

Gud har skapt oss til å ta ansvar for kvarandre og den verda vi lever i. Det er ei viktig side ved å «ta opp sitt kors» og følge Jesu eksempel. Det må skje i det daglege livet vi alle har der vi er. Og det kan skje i dei store samanhengar, i møter mellom grupper og nasjonar, religionar og politiske retningar.

Det finst ei makt vi alle kan bruke. Som vi må bruke. Den har vi fått møte i Jesus Kristus: Kjærleikens makt. Det er den aller viktigste grunnen til at vi også feirar olsok.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, som var, er og vere skal, èin sann Gud, frå æve og til æve. Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"