Les preika frå gudstenesta ved Stortingets opning

I dag vart det 169. storting opna på høgtideleg vis. Etterpå var det ei tradisjonsrik gudsteneste i Oslo domkirke. Les preika av preses Olav Fykse Tveit her.

Preses Olav Fykse Tveit preika på den tradisjonsrike gudstenesta i Oslo domkirke, etter opninga av det 169. storting.

Onsdag 2. oktober opna Oslo domkirke dørene for den tradisjonsrike gudstenesta ved Stortingets opning. 

Gudstenesta var open for alle, og vart strøyma direkte på Facebook. Sjå opptaket frå gudstenesta nedst på denne sida, eller på Facebook-sida til Oslo domkirke.

Preses Olav Fykse Tveit heldt preika, og det vart mellom anna bedd for dei som skal styre landet. Fleire av Stortingets politikere, ansatte og representantar var til stades.

Les preika her: Nåde og fred

Preike av preses Olav Fykse Tveit

Oslo domkyrkje 2. oktober, 2024

Tekst: Salme 36 og Evangeliet etter Johannes kapittel 7, vers 14-17

 

På ein dag som denne treng vi ei helsing som handlar om nåde og fred. Alt for mange menneske på ulike stader i verda treng akkurat denne dagen nåde og fred.

Vi feirar kvart år gudsteneste den dagen Stortinget opnar att for sitt svært viktige arbeid. Dette året er det spesielt god grunn til å gjere det. Vi har to store nasjonale jubileer som koplar nettopp lovgjevar og kyrkja saman. Kvar på sitt vis har dei gjort at det har vore ein samanheng mellom dei lover som har prega Noregs historie og kyrkjas bønn om Guds nåde og fred.

Det er tusen år sidan Kong Olav Haraldsson og biskop Grimkjell sette fram kristenretten på Moster. På denne vesle øya som ligg så sentralt langs kysten, på «Norvegen» midt mellom dagens Stavanger og Bergen, kalte kongen saman til ting. Her gjorde kongen og biskopen kjent kva sm skulle vere dei kristne lovene. Og lover vart sett fram og stadfesta, som ny felles grunn for eit nasjonalt fellesskap. Med sterke  røter i europeisk rett og i kristne normer og dygder la dei eit grunnlag for kristenretten.

Alle menneskeliv vart rekna som verdifulle, uansett kven ein var, gamal eller sjuk, fattig eller uønska barn som vart sett ut i skogen, så vart ein gitt visse rettar, som eit menneske skapt i Guds bilete. Dette fekk følgjer for lovene. Og lover handlar om praktiske spørsmål som endrar realitetar på bakken – bokstavleg tala.

Til dømes vart det bestemt at alle skulle gravleggjast på same stad, på ein inngjerda kyrkjegard. Det var eit sterkt brot med dei skiljer og skilnader som ættesamfunnet innebar.

Det skulle byggjast kyrkjer i heile landet, der alle for første gong skulle samlast under eitt og same tak. Enten ein var rik eller fattig, herre eller slave, mann eller kvinne, ung eller gamal, skulle ein vere i same rom – og be den same bøna: «Fader vår, lat viljen din skje på jorda slik som i himmelen. Tilgjev oss vår skuld, slik vi tilgjev våre skuldnarar. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.»

Der møtte alle noko som var høgare enn dei som hadde makt og ære, også høgare enn Kongen, og ein Gud som var stor nok til å nå dei som var lengst nede på alle rangsstigar.

Ikkje nok med det. Vi markerer ikkje minst 750 år for Landslova åt Kong Magnus Lagabøter dette året. Den har vorte kjent – mykje meir enn før – for mange av oss. Den er lest høgt, ord for ord, utanfor Løvebakken. På mange vis fører den arven frå kristenretten vidare inn i eit omfattande lovverk. Det var nesten unikt i sitt slag i si tid. Det vart lovene som styrte og samla oss her til lands i over 400 år.

Ei av dei heilt spesielle uttrykk i ei lov som denne, var ein omtale av dei normer og dygder som både lovgjevar og dommar måtte ha. Orda var henta frå Bibelens skrifter. Dei viste til evangelia og Jesus lære, men hadde også ord frå den felles jødisk-kristne samling av Salmar. Der dukkar det opp som Landslova kallar «dei fire guddomlege døtrene», som tar opp uttrykk frå Salme 85: 

Nåde og sanning skal møte kvarandre,

rettferd og fred skal kyssa kvarandre. 

Det er sterke og store ord. Dei ber alle preg av at det er noko som er større, høgare enn menneska, også høgare enn Kongen som lovgjevar og domar, som ligg i Guds dygder – Guds døtre.

Men det er nettopp i dette spennet mellom det guddomlege og det menneskelege, mellom det fullkomne og det ufullkomne, mellom det gode og det vonde, at også lover og ordningar skal lage rammer for eit så godt liv som råd for alle. Alle må måle seg på Guds normer, for alle kan vere med på å gjere Guds gode vilje. Men det trengst praktiske og tydelege lover og ordningar for det.

Tidene endrar seg. Lover også. Forholdet mellom staten og kyrkja også.

Men det er noko med desse uttrykka som på ikkje vert uaktuelle. Det er nesten skremmande å sjå korleis nettopp ropet etter sanning og fred, rettferd og miskunn skrik i mot oss i det som skjer i denne verda vi lever i. Det er alt for aktuelt.

Det er høge ideal for de som har fått makt og myndigheit til å gje lover. Og det er ord for våre håp når vi ber og arbeider for at det skal verte meir himmel på jord, at Guds vilje skal skje på jorda så som i himmelen.

Den arven vi har frå dei lovene vi feirar dette året, er ein unik rikdom for vårt land og alle som bur her. Dei har prega oss, kanskje meir enn vi veit. Det er ikkje berre tomme ord eller spissfindige diskusjonar som ligg i Grunnlovas ord om at vårt samfunn skal framleis vere tufta på kristne og humanistiske verdiar. Dei har røter lenger tilbake enn til 1814 og til opplysningstida, lenger enn til reformasjon og renessanse, dei vart uttrykt i både mellomalder og vikingtid, i brytningar mellom ulike verdiar og normer som kom frå våre røter i Bibelens tekstar.

Dei gir oss rettleiing i våre ulike roller også i dag. Men det kan ikkje brukast berre som sitat eller prinsipp, det må omsetjast i det livet vi skal leve saman. I alle samanhengar er det difor rett og nødvendig å la sanning og rettferd møtast. Ikkje minst når vi ser med eit kritisk blikk på både staten og religionens rolle. Men desse normene skal også gje oss mot og håp om at det er mogeleg å skape ei framtid saman til beste for alle.

Det er i Salme 36 frå det gamle testamentet ei poetisk og svært ærleg og skarp skildring av menneskets vonde tankar og planar. Det er «den lovlause som lar synda tale djupt i hans hjarte. Kvart ord frå hans munn er urett og svik. Han vel ein veg som ikkje er god. Han viser ikkje frå seg det vonde.».  Synda er ikkje kyrkjas påfunn, heller ikkje Guds påfunn. Det er ein del av menneskelivets realitetar. Vi er ikkje rettferdige, fredsommlege, sannferdige og gode berre sånn utan vidare i alle samanhengar. Difor trengst det også lover. Lovløyse er noko av det som skaper mest vondskap og ufred.

Men nettopp difor er det også vakkert, men også nødvendig å la naturens store dimensjonar gjere oss litt små. Slik at vi kan ane at det er noko som er mykje større og betre enn oss. Slik det heiter i Salme 36:

«Herre til himmelen når di miskunn, til skyene rekk din truskap. Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup er dine dommar.»

Men dette er ikkje berre poesi eller songar, det er også erfart liv og ærleg håp. «Herre, du bergar menneske og dyr!» «Kor verdfull din kjærleik er, Gud!»

I Jesus Kristus opnar himlen seg, for oss alle, som eit teikn på Guds kjærleik. Slik skal ein kunne kjenne at hans lære er frå Gud.

I ei verd der menneske skrik etter fred og rettferd, etter stader der menneske kan søkje ly, trengst det andre bilete, andre ord og andre realitetar enn hemn, bomber, krig, urett, svolt, nød, og frykt.

Det er ein djup samanheng mellom dei gode lover og fred. Nasjonal og internasjonal rett trengst før og no for at det ikkje er dei som er viljuge til ulike former for maktmisbruk, som skal styre.

Då trengst det også normer, ord, men også bilete som skaper lengt, håp og tru – som held tak i at det er noko meir her i denne verda enn det nedrige og vonde. Det er noko som kan gi oss vern og som løfter oss til å tru, håpe og handle – for nåde og fred.

For det er ei meining i vårt liv som er gitt, ei meining som er der før oss. Den kan vi gripe, og forme både liv og lover  - for å skape  sanning og fred, rettferd og miskunn.

Til Landslovjubileets markering på Gulating i Gulen skreiv Jon Fosse i eit dikt med tittelen Finst det ei meining over desse tinga.

Nokre ord frå dette diktet til slutt:

Kvar kjem vinden ifrå 
som lyfter den nedtygde opp 
og får han til atter å sjå at også han
har det lys han treng for å sjå

 Kvar kjem det regnet ifrå
som lyfter den tyrste opp
og gjev han å drikka 
slik at augo hans vætest 
og han ser det glima 
frå den mattgråe himmelens dorske likesæle

Og kvar kjem orda ifrå
som går saman og blir til meining
i ope svev over bakkar og åsar fjordar og fjell
og vert til ein tanke ei kjensle
som utvidar seg og utvidar seg og når si svimlande høgd
før ho fell og fell ned mot sin avgrunn

for meining skjer eller ho skjer ikkje
og ho kan koma frå inkje eller frå fargar eller frå togn
eller frå eit einsleg tre 
eller frå ein båt som duppar i fortøyinga si
meininga berre skjer 
eller ho skjer ikkje 
og utan meining er berre tomleik att

For det er ei meining over desse tinga
For det er ei meining over liva våre
For alt er nåde 

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vere skal, ein sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Sjå opptak frå gudstenesta her

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"