Presentasjon av kyrkjebevaringsprogrammet

Onsdag 21. februar la regjeringa fram bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Du kan sjå opptak av presentasjonen her.

Illustrasjonsfoto: Den norske kyrkja.

Programmet er ein strategi og plan for istandsetjing av kyrkjebygg over heile landet. Regjeringa omtalar finansieringa som eit «generasjonsfond», og dei første midlane kjem via revidert nasjonalbudsjett i mai 2024. Programmet vil etter ei opptrapping yte tilskot på ca. 500 mill per år, og vare i 20–30 år. 

– Kyrkjebygg er viktige formidlarar av historie og kulturarv, både lokalt og nasjonalt, seier preses Olav Fykse Tveit.

– Kyrkjebygga er eit ankerfeste for mange. I glede og sorg, kvardag, fest og kriser er kyrkja ein viktig samlingsstad for heile lokalsamfunnet. Bevaringsprogrammet er viktig for å framleis ha tenelege kyrkjebygg for kyrkjelydane i landet. 

Sjå opptak av presentasjonen her: 

 

Program:

  • Barne- og familieminister Kjersti Toppe, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap), bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg
  • Preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit om den kirkelige (mer)verdien av satsingen
  • Riksantikvar Hanna Geiran om den kulturhistoriske og antikvariske (mer)verdien av satsingen
  • Hovedorganisasjonen KA. ved adm. dir. Marit Halvorsen Hougsnæs om betydningen for lokalkirken og kirkevergen som byggherre
  • Kjetil Tvedt, direktør NHO Byggenæringen og direktør Bjørgvin Thorsteinsson og avdelingsdirektør Rune Langaas i Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) om (mer)verdien for byggenæringen og norsk tradisjonshåndverk

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"