Tekst: Joh 20, 24-29
PÅ FORSONINGAS VEG
Når vi samlast her ei veke etter første påskedag, vert vi minna om at Gud har gått forsoningas veg. Det fortel heile påskedramaet oss. Den krossfeste og oppstandne Jesus Kristus møtte sine att. I dag møter han oss.
Når vi no er samla til gudsteneste her i Nidarosdomen under årets Kyrkjemøte, er vi her også for å be Gud hjelpe oss å gå på forsoningas veg, saman. Det gjer vi audmjukt, men også i tru på at det er mulig å finne slike vegar.
Vi gjer dette ikkje minst fordi vi arbeider med oppfølginga av Rapporten frå Sannhets- og forsoningskommisjonen til Stortinget om fornorskingspolitikken. Den politikken ramma samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Ingen kan lenger seie at vi ikkje kan vite kva som skjedde og kva konsekvensane har vorte. Vi har også fått vite meir om kyrkja si rolle i å gjennomføre denne politikken. Då Kyrkjemøtet drøfta rapporten i fjor, sa vi at vi erkjenner kva som har skjedd. Saman anerkjente vi også rikdommen i det mangfaldet vi har i Noreg og i kyrkja vår.
--
Oppstoda forandrar alt. Heile forteljinga om tragedien, maktmisbruk, om urett og død, vert ei historie om noko heilt anna.
Når det såra offeret kjem tilbake, så kjem sanninga fram om kva som eigenleg skjedde. Det vert tydeleg kva som var urett, og at Gud vil sanning og rettferd.
Jesus kom tilbake til sine. Han kom ikkje med hevn, men med nåde. Han kom som ein forsonar som ville gjenopprette relasjonar, og reise opp att menneske, så dei kunne gå vidare.
--
Det er det motsette av forsoning når kyrkja med sine leiarar, mellom dei også Luther, opp gjennom tidene har gitt jødar skulda for Jesu død. Det har ført til noko av det verste i kyrkjas historie: jødehat.
Evangeliet viser at kyrkja er kalla til noko heilt anna. Påskedagen opnar ein heilt annan og ny veg framover.
--
Han som vart offeret viser seg å vere reist opp av Gud sjølv. Det er Gud som i Kristus forsona verda med seg, skriv apostelen Paulus om kva dette er. Slik har Gud gjennom Jesu liding og død vorte eitt med alle som er offer for urett i denne verda. Jesu død og oppstode vart til soning for alle menneske sine synder, så vi kan forsonast med Gud, og med kvarandre. Kristus har difor gjeve kyrkja oppgåva som Paulus kallar «forsoningas teneste».
Det opna seg ein ny veg for den som sveik. Det opna seg ein ny veg for den som svikta, for dei som tidde og berre såg på kva som hende. Nokon kom umiddelbart til ny erkjenning, andre trengte meir tid.
Det gjaldt først dei som var til stades under påskehendingane i Jerusalem. Dei vilkåra vi lever under i generasjonane etterpå, kjem tydeleg til uttrykk i Jesu ord: «Sæle er dei som ikkje ser, og likevel trur!» Forteljingane er skrive for at også dei som ikkje var der, kan finne denne vegen.
--
I dagens evangelium møter vi Tomas, tvillingen. Han har fått eit ekstra tilnamn i vår tid som nesten er blitt ein ærestittel: «Tvilaren».
Det er kanskje litt urettferdig, dersom vi med det meiner ein som ikkje vil meine noko, som held seg på avstand, og ikkje tar stilling. Tomas var ikkje distansert og usikker, men heller sunt skeptisk. Ein tvilar kan vere eit menneske som søkjer sanning, spør og undrast, eit ærleg menneske som vil sjå, og som lar seg utfordre av møtet med den andre og av sanninga.
Tomas fekk møte Jesus. Han fekk sjå han. Han fekk endå til ta på han. Den vegen Tomas fekk gå, er å sjå og så tru. «Hadde vi berre sett, skulle vi trudd – på både det eine og det andre,» kan ein kanskje tenkje.
Det er ein veg som kan verke lettare enn den eigenleg er. Det er ikkje berre enkelt å sjå sanninga. Det kan bli eit møte med noko meir enn det ein likar å sjå. Ein kan oppdage djupe sår og skader. Eg får nesten ei rykning i handa når eg les denne teksten om Jesus som ber Tomas stikke handa i sida hans og kjenne på såret.
Det gjer vondt for den såra. Men det gjer og vondt for den som ser og tar på andres sår. Det er ikkje lenger tvil om sanninga. Ho kan vere vond. Men ho kan også vere frigjerande. Slik den var for Tomas.
--
Namnet til Sannhets- og forsoningskommisjonen fortel noko viktig. Sanninga må fram i ljoset og erkjennast for at ein kan forsonast.
«Sanning» i denne samanhengen vi tenkjer på i dag handlar om historiske fakta under fornorskingstida. Men det handlar også om å lytte til kvarandre og erkjenne kva som ligg i dei ulike
fortellingane. Heile befolkninga i Noreg vart prega av fornorskinga, men på svært ulike måtar. Majoritetssamfunnet leia av styresmaktene, også kyrkjeleiarar, påførte minoritetsgrupper urett og djupe sår som verkar enno i vår tid. Dette må storsamfunnet og kyrkja stå til ansvar for. Vi må sjå heile sanninga på vår felles veg mot eit mangfaldig og meir forsona samfunn og kyrkje.
Det er ingen lett veg, for det er krevjande å sjå sanninga om fornorskinga og kva slags sår og skader den har gjort. Ein kan ønskje å sjå raskt forbi, eller gå ein annan veg. Ein kan miste trua, på menneske med kompetanse og makt, eller på ordningane, også dei demokratiske institusjonane, på rettferda og verdiane vi gjerne vil ha.
Men ved å sjå og erkjenne sanning, så kjem vi nærare dei verdiane vi vil byggje samfunnet vårt på. Institusjonane kan stå fram som søyler som ber fellesskapet. Då Stortinget fekk rapporten, og det den avdekka, så leia diskusjonane til eit klart fleirtal om «en uforbeholden beklagelse», som det heiter i vedtaket frå Stortinget. Då kom styrken i demokratiet fram.
Dette er ein beklagelse på vegner av det storsamfunnet som også kyrkja vår er ein del av.
Då Kyrkjemøtet i fjor drøfta rapporten, erkjente vi kva som hadde skjedd i kyrkjas namn. Ved å ta eit oppgjer med fornorskinga og diskrimineringa, forpliktar kyrkja seg til å gå vidare saman på forsoningas veg. I dag er vi her for å gå på denne vegen saman, medan vi heldt fram arbeidet for å følgje opp våre vedtak.
Vi må saman finne høvelege tider og stader i tida som kjem der ei orsaking kan bli framført overfor mange fleire av dei det gjeld enn det vi kunne samle her.
I dag er vi i Nidarosdomen i Tråante, Trondheim. Dette er ein symboltung bygning for vår tusenårige historie som kyrkje og nasjon, og for gjenoppbygginga av nasjonen dei siste to
hundreåra. Det store nasjonsbyggingsprosjektet førte dessverre også til ei legitimering av fornorskningspolitikken overfor samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Difor er det viktig at erkjenninga av sanninga også er knytta til denne staden, og til Kyrkjemøtet. Her har vi sidan 2017 hatt eit sentralt plassert samisk altar. Det talar sterkt til oss i dag.
--
Stundom kan det vere vanskeleg å tru at det er ein veg framover når ein balar med det som er vondt. Men det kan også vere at det er våren som bryt fram. «Ja visst gör det ondt när knoppar brister,» skreiv Karin Boye.
-
Jesus sa: «Sæle er dei som ikkje ser, og likevel trur.»
Det går faktisk an å snu litt på setningen også, og få fram kva som trengst: «Sæle er dei som ser, og likevel trur.»
Då får ein fram nettopp dette: Det kan vere krevjande å erkjenne sanning, å sjå det ein ser. Men det er det som må til. Både her hjå oss og ute i den lidande verda. Og det er i møte med røyndomen at det trengst tru, tru på fred og forsoning.
Når ein ser kva som skjer i denne verda i dag, kan det vere vanskeleg å tru at sanninga og rettferda rår. Som ein prest i Palestina sa: Det er ikkje trua på Gud vi er i ferd med å miste, men trua på menneske, og på menneskeheita. Det er sterke ord, men det høyrer til det å sjå og møte sanninga i dagens verd.
-
Forteljingane om møtene med den oppstandne er djupast sett forteljingar om at det er mulig å sjå alle såra og å ha tru på at noko nytt er mogeleg. Fordi vi også trur på Gud.
Kvar gong vi feirar nattverd, innleier vi med å seie at vi deler det samme som skjedde «den natta han vart sviken». Der møter vi den krossfeste og oppstandne oss igjen og igjen, han som ber verdas synder, og som forsonar oss med Gud, og ber oss forsone oss med kvarandre.
-
Sæle er dei som ikkje ser, og likevel trur.
Sæle er dei som ser, og likevel trur.
Ære vere Faderen og Sonen og den Heilage Ande, vår Skapar, Forsonar og Livgjevar, som var, er, og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve.
Amen
På bildet under er medvirkende i forsoningsgudstjenesten, fra venstre: Vidar Andersen, Bjørn Thomas Åhren, Elisabeth Erke, Rune Dundelin, Mona Undisdatter, biskop Herborg, biskop Svein, preses Olav og biskop Olav.