Preses støttar fredelege demonstrasjonar mot rasisme

Biskopanes leiar Olav Fykse Tveit manar til fred og rettferd, og fridom frå rasisme.

Preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathisen

Medan demonstrantar deltek på markeringar i Oslo, manar preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit til fridom og respekt for skilnadar Gud har skapt.

- Rasisme er ein brutal røyndom, og den spreiar seg igjen med ei stor kraft, seier han.

Han gir sin støtte til fredelege demonstrasjonar mot rasisme.

- Mangfaldet som Gud har skapt oss med og til, er vorte skiljer, diskriminering og konflikt. Rase er ein konstruksjon. Vi får ikkje puste, seier han.

Rasisme finns overalt i verda, meiner Fykse Tveit. Han lengtar etter ein fridom der alle kan vere seg sjølve. I følgje han, viser dei skremmande bileta frå Amerika at det motsette pregar livet akkurat no.

Han meiner kyrkja har ei viktig oppgåve i å stå opp for dei undertrykte i heile verda.

- Vi står saman med vår søsterkyrkje ELCA i USA i deira kamp mot rasisme. Den fredelege kampen er eit uttrykk for kva det betyr å vere kyrkje. Våre bøner er med dei som strever for rettferd og fred, avsluttar han.

Fykse Tveit preika om dette tema på pinsedag i Nidarosdomen for berre nokre få dagar sidan. Preika kan du lese her.

Du kan følgje preses på Facebook.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"