På besøk i Trondheim fengsel

Preses Olav Fykse Tveit er biskop i Nidaros domprosti. Tidlegare denne veka var han på visitas i Trondheim fengsel, der han var i samtale med både leiinga i fengselet og fengselspresten.

På visitas i Trondheim fengsel og forvaltningsanstalt: domprost Kristin Moen Saxegaard og preses Olav Fykse Tveit. Foto: Den norske kyrkja.

Tysdag denne veka var preses og biskop i Nidaros domprosti Olav Fykse Tveit på besøk i Trondheim fengsel og forvaringsanstalt, saman med domprost Kristin Moen Saxegaard.

Saman møtte dei leiinga i fengselet, og fekk orientering om fengselet og kriminalomsorga.

– Det var svært interessant å høyre frå dei tilsette i kriminalomsorga korleis dei arbeider og utfører sitt viktige samfunnsoppdrag, korleis dei møter utfordringane i kriminalomsorga, og kva dei tenkjer om dette feltet framover, seier Fykse Tveit.

Delegasjonen frå Den norske kyrkja fekk også omvising på dei ulike avdelingane – og mellom anna fekk dei sett på verkstadane og dei andre roma der dei innsette er i aktivitet gjennom veka.

Tilsynsansvar for fengselspresten

Som biskop i Nidaros domprosti har Fykse Tveit også tilsynsansvar med fengselspresten, og fengselsvisitasen i Trondheim vart avslutta med ein samtale mellom prest og biskop.

Det er rundt 20 prestar som jobbar fulltid i fengsel, i tillegg til ei rekke andre som jobbar i kyrkjelyd men er fengselsprest som ein mindre del av si stilling. Dessutan har Frelsesarmeen ei full stilling ved dette fengselet. 

Ei viktig, men lite synleg oppgåve

Preses meiner prestar i institusjonar har ei viktig oppgåve i Det norske samfunnet, sjølv om dei kanskje ikkje er så synlege:

– Våre fengselsprestar har ei viktig rolle i kriminalomsorga, i å møte folk, lytte til dei gjennom samtalar, og å tilby gudsteneste og andre aktivitetar. Som ei folkekyrkje for alle er vi til stades i ulike institusjonar med våre dyktige medarbeidarar og med vårt bodskap om tru, von og kjærleik.

Delegasjonen på besøk i Trondheim fengsel: Fengselsprest Geir-Øyvind Bandlien, seniorrådgjevar i Bispemøtets sekretariat Helge Kollerøs Nylenna, domprost Kristin Moen Saxegaard, preses Olav Fykse Tveit og fengselsleiar Egil Gabrielsen. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"