Pris til "Salmeboka minutt for minutt"

Salmebokmaraton-sendinga på NRK før jul er blitt heidra med pris for beste TV-program.

- Vi er veldig stolte, og vi synest det er modig av NRK å satse på noko slikt. Vi hadde ikkje trudd det skulle treffe folk så godt som det gjorde. 17 000 menneske var innom Vår Frue kyrkje, sa programleiar Camilla Tjønn Thingvoll i takketalen sin, i følge nrk.no.

"Salmeboka minutt for minutt" vart heidra med pris for beste TV-program under Ut-Awards i Trondheim tysdag 27. februar. Det er Adresseavisen som står bak utdelinga.

Salmebokmaraton-sendinga var eit samarbeid mellom NRK, Kyrkjerådet, Korforbundet i Trøndelag, Kirkens Bymisjon og Kirkesangforbundet. Kor og solistar frå heile landet deltok i framføringa av dei 899 salmane, som resulterte i 60 timar med direktesendt TV.

Millionsuksess

Heile 2,2 millionar sjåarar fekk med seg deler av sendinga. I tillegg var emneordet #nrksalme det mest brukte på Twitter helga 28. november til 30. november.

- Når nesten halve Norge har sett på salmesong-sendinga, fortel det noko om kor langt salmane når ut til folket, sa Vidar Kristensen, prosjektleiar for den nye salmeboka i Kyrkjerådet, då sjåartala var klare.

Salmeboksendinga fekk også åtgaum i utlandet. Media frå Tyskland, USA, England og Sør-Korea omtalte NRK-sendinga.