Radiogudsteneste i hundre år

I hundre år har det vorte sendt gudsteneste på radio. Den norske kyrkja gratulerer det eldste radioprogrammet med jubileet!

Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad, her i radiointervju under Kyrkjemøtet 2024, gratulerer radiogudstenesta med hundreårsjubileet.

Kvar sundag i hundre år har det vore gudsteneste på radio. Hundretusenvis av nordmenn har skrudd på radioen for å få lyden av kyrkjeklokker, bøn, salmar, bibellesing og preike frå kyrkjer i heile landet.

– Sendingane gjeve eit viktig innblikk i heilt vanlege gudstenester i Den norske kyrkja. Og i høgtidene, særleg til jul og påske, samlar dei nordmenn og gjev julestemning for dei som ikkje sjølv går i kyrkja.  

Det seier Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet. 

Vidareutvikla konsept 

Dei siste åra har konseptet blitt utvida til å også vere sendt på TV. Takka vere ny teknologi kan NRK sende direktesende gudstenester på TV og radio med relativt små ressursar.

– Det er ei god vidareutvikling av radiogudstenesta, der ein no også kan få sjå kva som skjer i kyrkjerommet, kommenterer Hegstad. 

Radiogudstenesta i hundre år blir markert på NRK P1+, sundag 29. desember kl. 11.00

I snitt høyrer meir enn 84.000 på radiogudstenesta, og i snitt ser 34.000 gudstenesta på TV.

Formidling av kristen kulturarv

NRK skal både formidle den kristne kulturarven – og samtidig romme eit større mangfald. Hegstad meiner at gudstenester på TV og radio er ein viktig del av NRK sitt oppdrag som allmennkringkastar i eit livssynsope samfunn: 

– Det som har bore kristen tru og tradisjon i landet vårt gjennom tusen år, er framfor alt kyrkja sitt gudtenesteliv. Den beste måten å formidle denne arven er å gjere gudstenester tilgjengeleg for radio- og fjernsynspublikummet. Gjennom åra har mange som av ulike grunnar ikkje har kunne kome seg til kyrkje, fått kyrkja inn i stova.

Den første radiogudstenesta vart halden i romjula for hundre år sidan.

– Også i år har radiogudstenestene formidla julebodskapen, om at Gud sende sonen sin til verda. I dag feirar radiogudstenesta hundre år – og vi gratulerer, avsluttar Hegstad. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"