Reduksjon i klimagassutslepp

Den norske kyrkja skal kutte klimagassutslepp frå fly skal med 60 prosent innan 2030. Utsleppsrekneskapen for 2023 kuttar tre prosent meir enn planlagt, men det er store skilnader internt i organisasjonen.

Utsleppsrekneskapen for 2023 viser at Den norske kyrkja kuttar tre prosent meir enn planlagt. Illustrasjonsfoto: Lars Verket / Den norske kyrkja.

– Skal verda nå måla i Paris-avtalen, må både organisasjonar, bedrifter og enkeltmenneske ta ansvar. Det hastar å få ned klimagassutslepp. Den norske kyrkja sine utslepp er i stor grad knytt til kyrkjebygg og reiser, og no er vi godt i gang med å kutte utsleppa knytt til flyreiser.

Det seier avdelingsdirektør i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland.

Som eit vedtak i saka «Mer himmel på en truet jord – Den norske kirkes arbeid med klima, miljø og bærekraft mot 2030» vedtok Kyrkjemøtet i 2021 at utslepp frå flyreiser skal bli redusert med 60 prosent innan 2030.

Ambisiøst mål

Utgangspunktet for reduksjonen er eit snitt på utsleppa i 2019 og i 2022. Dette var normalår utan pandemi, og to år med tilnærma likt reisenivå. Totalt er snittet er berekna til 1452 tonn CO2-ekvialentar.

Målet om å redusere dette med 60 prosent, vil seie at totalen skal vere 580 tonn CO2-ekv. i 2030. Planen er å kutte 109 tonn kvart år fram mot 2030.

– Det er eit ambisiøst mål, og for å nå dette målet må både tilsette og folkevalde i kyrkja velje reiser med mindre utslepp, seier Kielland.

Arbeidet fungerer

Utsleppsrekneskapen for 2023 viser at arbeidet med å redusere utslepp fungerer.

Med ein reduksjon på 109 tonn frå snittet, var den totale kvoten ein kunne reise for i 2023 på 1343 tonn. Rekneskapen viser det ble reist for 1305 tonn CO2-ekv. totalt, noko som er 38 tonn mindre enn kvoten. Det vil seie ein har kutta 2,8 prosent meir enn planlagt.

Statistikken omfattar flyreiser i "rettssubjektet Den norske kirke". Det vil seie prestar, Døvekyrkja, tilsette i Kyrkjerådet og bispedømekontora. I tillegg kjem folkevalde i Kyrkjemøtet, Kyrkjerådet, Ungdommens kyrkjemøte, Samisk kyrkjeråd og Mellomkyrkjeleg råd – i tillegg ulike utval og nemnder i det nasjonale kyrkjedemokratiet.

Variasjonar internt

Samtidig som ein totalt sett er betre enn planlagt, er det store skilnader internt. Einingane som har brukt meir enn kvoten, må kompensere inn til kyrkja sitt klimakompensasjonsfond.

Eit fleirtal av bispedøma har bidrege til mindre utslepp, saman med Døvekyrkja.

– Det er ei pågåande kulturendring at vi skal fly mindre, og fleire av bispedøma har mellom anna endra opplegg knytt til samlingar og studiereiser, fortel Kielland.  

Det nasjonale kyrkjedemokratiet har ein auke i utsleppa i 2023, ikkje nedgang. Kyrkjerådet har allereie endra sin møteplan, der det tidlegare var fire eller fem fysiske møter, er no planen tre fysiske møter og fleire digitale møter.   

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"