Samarbeid om beredskap og sikkerheit

Folkekyrkjene i Noreg, Sverige og Finland inngår no eit nærare samarbeid knytt til beredskap og sikkerheit. – Eit forpliktande samarbeid mellom store folkekyrkjer gjer oss sterkare saman, meiner kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen.

Samarbeidsavtale innan sikkerheit og beredskap vart inngått i Uppsala i Sverige denne veka. Dei administrative kyrkjeleiarane på nasjonalt nivå signerte avtalen:  Ingrid Vad Nilsen, direktør i Den norske kyrkja; Pekka Huokuna, direktør i Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland; Helén Ottosson Lovén, generalsekretær i Svenska kyrkan. Foto: Gustaf Hellsing/Ikon/Svenska kyrkan.

– Vi har god dialog og samarbeid med dei nordiske folkekyrkjene, også innan beredskap. No tek vi eit steg vidare for å formalisere og utvide dette samarbeidet, seier direktør i Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen.

Måndag denne veka signerte dei lutherske folkekyrkjene i Noreg, Sverige og Finland ein ny samarbeidsavtale knytt til sikkerheit og beredskap.

Finland har bygd opp eit systematisk arbeid på beredskap lokalt og regionalt, medan kyrkja i Sverige har fått mykje erfaring med handtering av cyber-angrep. Den norske kyrkja har samarbeid med nasjonale beredskapspartar, som ikkje dei andre landa har på same måte. I tillegg er alle landa no NATO-medlemmer.

Kyrkjerådsdirektøren meiner dei tre landa har mykje å lære av kvarandre og mykje å samarbeide om:

– Dei nordiske folkekyrkjene har kome langt innanfor ulike område. Denne avtalen gjev oss felles hjelp til å heve kompetanse og evne for alle. Det er svært lærerikt for oss.

Forpliktande samarbeid

Avtalen inneber mellom anna at ei arbeidsgruppe mellom dei tre kyrkjene, som allereie er etablert, skal møtast jamleg. Formålet er å dele og drøfte konkrete erfaringar og døme frå dei ulike kyrkjene, og sjå korleis ein kan jobbe saman på tvers av landegrensene.  

Vad Nilsen meiner erfaringsutvekslinga kan bidra til å auke beredskapen i kyrkjene:

– Med eit auka trusselnivå, gjer eit forpliktande samarbeid mellom store folkekyrkjer oss sterkare saman. Vi kan dele erfaringar raskt og meir effektivt implementere nye rutinar eller iverksette tiltak, når vi kan byggje vidare på det andre har gjort.

Hjelp i krisesituasjon

Eit anna punkt i avtalen inneber at kyrkjene også skal kunne handle og gje konkret støtte til kvarandre i ein akutt krisesituasjon.

– Sjølv om vi akkurat no ikkje ser nokon spesifikk trussel mot kyrkjene våre, må vi på bakgrunn av den forverra tryggleikssituasjonen i verda styrke beredskapen, seier Vad Nilsen.

Intensjonsavtalen vart underteikna i Uppsala i Sverige, måndag denne veka av dei tre kyrkjene: Helén Ottosson Lovén, generalsekretær i Svenska kyrkan, Ingrid Vad Nilsen, direktør i Den norske kyrkja og Pekka Huokuna, direktør i Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland. Foto: Gustaf Hellsing/Ikon/Svenska kyrkan. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"